Skatteetaten åtvarar: – Ikkje la deg lure

Foto:

I 2018 registrerte Skatteetaten 11 bølger av såkalla «phishing».

DEL

– Skatteetaten sender aldri e-post med lenker som du skal klikke på eller spør etter bank- eller kredittopplysningar.

Det seier sikkerheitssjef Svein Mobakken i Skatteetaten i ei pressemelding.

Kvart år når skattemeldinga og skatteoppgjeret kjem, vert folk oversumt med e-postar og SMS-ar som gir seg ut for å vere frå Skatteetaten eller kemneren, med løfte om beløp til gode og utbetalingar.

– Aukande omfang

Komande torsdag blir skattemeldinga tilgjengeleg for 4,9 millionar personar. I fjor registrerte Skatteetaten 11 bølger med phishing, med etaten som påstått avsendar.

Phishing blir utført gjennom e-postar eller SMS-ar som prøver å lure mottakarane til å klikke på lenker og gje frå seg sensitiv informasjon som seinare kan nyttast for å svindle mottakaren.

– Phishing er aukande, men heldigvis er skepsisen og kompetansen hos folket generelt noko betre. Likevel er det mange nok som går på til at det framleis er attraktivt for svindlarane, seier Mobakken.

Svein Mobakken, direktør for sikkerheit i Skatteetaten

Svein Mobakken, direktør for sikkerheit i Skatteetaten Foto:

Dei grovaste svindelforsøka vert politimelde, men først og fremst er det mottakarane som vere førebudde.

– Ikkje la deg lure, identiteten din på nett er gull verdt, seier sikkerheitssjefen.

Ber publikum melde frå

Han seier at dei aldri ber om kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via SMS eller e-post.

– All kommunikasjon med Skatteetaten føregår innlogga på våre heimesider eller i Altinn, seier Mobakken som ber publikum om hjelp til å følge med på svindelforsøka.

– Det er til stor hjelp at publikum melder frå til oss når dei trur dei har teke imot falske e-postar eller SMS. Så vil Skatteetaten bruke sosiale medium og andre kanalar til å åtvare, når vi ser at det er svindelforsøk på gang.

Tips for å hindre at du blir lurt:

  1. Sjå nøye på e-postane du får. Ver kritisk når du vurderer e-posten. Sjekk avsendaren og tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  2. Samanlikn e-postadressa med tidlegare ekte e-postar. Sjå særleg etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å herme.
  3. Ver særleg merksam dersom du i ein e-post blir bedt om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggleikskodar.
  4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende personar, klikk ikkje på lenkjer ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  5. Særleg på mobilen kan det vere freistande å klikke på ei lenkje i farten, ikkje gjer det.
  6. Dersom du er i tvil, må du dobbeltsjekke med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ta ein telefon til 800 80 000.

Artikkeltags