Reduserer tøffe krav

EI GRØN BRU: Ei grøn overgangsbru som knyter Hauglandsbygget saman med området over hovudvegen markerer inngangsportalen til Knarvik sentrum på ein flott og spenstig måte, meiner Link Arkitektur. Anders Haugland AS har fleire merknader til planen, utover dei kostnadskrevjande rekkefølgekrava. SKISSE: LINK ARKITEKTUR

EI GRØN BRU: Ei grøn overgangsbru som knyter Hauglandsbygget saman med området over hovudvegen markerer inngangsportalen til Knarvik sentrum på ein flott og spenstig måte, meiner Link Arkitektur. Anders Haugland AS har fleire merknader til planen, utover dei kostnadskrevjande rekkefølgekrava. SKISSE: LINK ARKITEKTUR

Artikkelen er over 5 år gammel

KNARVIK: Etter ein fire år lang planprosess vil kommunen gjera det enklare for utbyggarane i Knarvik å koma i gang. Randi Bjørlo

DEL

Planane for nye Knarvik sentrum er ein framtidsretta by med frodige byrom, 2000 nye bustader og god plass til fleire butikkar og kafear. Høyringsrunden sist haust gav 39 merknader. Mange av dei omhandla det strenge rekkefølgekravet som la opp til at fellesareal må utviklast før grunneigarar får starta eigne byggeprosjekt. Dette vil no kommunen ta omsyn til.

– Det er først og fremst føresegner om rekkefølge som no blir endra. Det betyr at utbyggarane kan koma raskare i gang med utbygginga, seier Frøydis Ones, prosjektleiar i areal og miljøeininga i Lindås kommune. Ho legg til at det mellom anna vart sett krav om at fleire vegtiltak skulle vera ferdigstilte før ein fekk bruksløyve på eigen tomt.

– I det nye forslaget er ikkje kravet like strengt, seier ho.

Vedtak i juni

Ones legg til at dei sjølvsagt ikkje har kunna ta omsyn til alle merknadane, då ein har sett på heilskapen. Det betyr at det elles ikkje er store endringar når no Knarvikplanen venteleg vert lagt ut på ny høyring, med 6 vekers frist. Det er det plan og miljøutvalet som avgjer når dei handsamar saka i dag.

– Kva er vidare prosedyre?

– Etter høyringa vert det ny behandling i plan og miljø, førkommunestyret gjer endeleg vedtak 18. juni. Vedtaket skal så kunngjerast med tre vekers klagefrist. Deretter må utbyggingsavtaler på plass, seier Ones.

– Kor tid vil folk sjå fysiske endringar i Knarvik sentrum?

– Det vågar eg ikkje svara på. Det vert jobba konkret med det interkommunale helsehuset, men eg veit og at grunneigarar ventar. Målet å få rammene på plass slik at utbyggarane kan koma i gang, seier Frøydis Ones til Avisa Nordhordland.

Ivrige etter å setta i gang

Jan-Erik Hope (H), leiar for plan og miljøutvalet håpar og trur at endringa som no vert gjort i forhold til rekkefølgekravet vil føra til at framtidsbyen Knarvik kjem raskare på beina.

– Vi ser at fleire har spennande planar for sine område, og forstår at dei ønsker å koma i gang. Det vart difor viktig for styringsgruppa (plan- og miljøutvalet) å seinka dette kravet, seier han.

Endringa inneber at veg og grøntområde som allmenning og gatetun må sikrast gjennom avtalar – ikkje stå heilt ferdig – før utbyggarane kan setta spaden i jorda hos seg sjølv.

Styring og skattekroner

Oddvar Reikerås i Kvassnes- vegen 4 AS er blant dei som har påpeikt rekkefølgekravet. Han understrekar i sine merknader at det er viktig at Lindås kommune set seg i førarsetet for å få gjennomført denne planen.

– Vidare må det settast av midlar i budsjettet for denne byutviklinga. Øyremerking av ein viss prosent av den årlege eigedomsskatten vil vera eit eigna tiltak, skriv Reikerås.

Anders Haugland AS har fleire merknader til planen i forhold til utbyggingsplanane på deira tomt. Dei påpeikar og at planen må legga til rette for ei byggetrinnsløysing, slik at sentrum trinnvis kan verta meir i tråd med kommunen sine ønskje. Slik planen ligg no – med store felleskostnadar, felles gjennomføringstakt og kostnadskrevjande krav – er det fare for at ein aldri kjem i gang med endringar i Knarvik, påpeikar Laila Tvedt på vegner av Anders Haugland AS.

 

Artikkeltags