NHH-forskar støttar Statoil-avgjerd

Linda Nøstbakken er energiøkonom ved NHH. Foto: Montasje, BA

Linda Nøstbakken er energiøkonom ved NHH. Foto: Montasje, BA

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ei milliardinvestering på Mongstad-raffineriet vil innebere stor risiko, ifølgje energiøkonom Linda Nøstbakken på NHH. Den haldninga har ikkje ei rekkje politikarar.

DEL

Onsdag blei det kjent at Statoil legg vekk planane om å raffinera oljen frå det nye gigantfeltet Johan Sverdrup på Mongstad.

Les også: Statoil droppar investeringar på 6-7 milliardar på Mongstad.

Linda Nøstbakken er førsteamanuensis på Institutt for samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH), og har forska på ressurs-, energi – og miljøøkonomi.

Ho er ikkje overraska over Statoils avgjerd.

– Slik situasjonen er i olje- og gassindustrien i dag, verkar det fornuftig av Statoil ikkje å ta for stor risiko, og her ville ei investeringsbeslutning vore forbunde med stor risiko, seier Nøstbakken til næringslivsnettstaden Vest24.

Ho seier dette av ffleire grunnar:

– Lenge har det vore dårlege tider i raffineribransjen i heile Europa. Det raffineria lev av er prisskilnaden på råolje og på ferdige produkt, som eksempelvis bensin. Marginane er små og lenge har det vore høge råoljepriser og avtakande etterspurnad på raffinerte produkt, forklarer ho.

Mindre etterspurnad skuldast blant anna strengare utsleppskrav i transportsektoren og økonomisk tøffare tider, opplyser ho.

– Veldig usikkert

– Råoljeprisen sitt kraftige fall det siste året, resulterer i større marginar på kort sikt, men investeringar i milliardklassen bør baserast på ei langsiktig utvikling, understrekar Nøstbakken.

– Ei slik investeringsavgjerd er avhengig av at marginen vil halda seg så høg at det gjer ei forsvarleg avkastning på kapitalen. Akkurat no ser det ikkje så gale ut, men det er veldig usikkert kva som skjer med prisutviklinga på råolje og på ferdig produkt framover.

Og i ein olje- og gassbransje som slit, vil selskapa måtte prioritere endå hardare mellom ulike investeringsprosjekt.

Kombinasjonen av låg kapasitetsutnyttingsgrad - det inneber at mange raffineri kan produsera meir - og generelt dårlegare tider i petroleumsindustrien, gjer at Statoils avgjerd ikkje er uventa, meiner Nøstbakken.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) har overfor Avisa Nordhordland varsla kamp mot avgjerda til Statoil-leiinga.

– Kva tenker du når lokalpolitikarar forsøker å få Statoil til å snu?

– Det vil alltid vera press når det er snakk om lokale arbeidsplassar, men det er nok best at Statoil opptrer hovudsakeleg med tanke på lønnsemd. Og det er spesielt viktig i dagens situasjon, svarer Nøstbakken.

– Trur ikkje døra er låst

Per Rune Henriksen (Ap), tidligare statssekretær i Olje- og energidepartementet og noverande medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, er skuffa.

– Men eg trur ikkje døra er låst for evig tid. Eg hadde håp om at dei skulle ta denne investeringa no, fordi det ville skapt ny giv på Mongstad. Raffineriet har gjort eit fantastisk arbeid med å effektivisera verksemda, seier han på telefon frå New York.

Stortingspolitikaren seier det bør vera eit mål med mest mogleg vidareforedling av olje og gass i Norge til industrielle formål.

– Det var også bakgrunnen for at Mongstad-raffineriet blei bygd. Det er trist om vi ikkje held fram den linja, men eg ser på dette som ei foreløpig avgjerd. Når raffineriet er oppe i den rette divisjonen, reknar eg med at Statoil vil vurdera dette på nytt. Eg håper at Statoil og Sverdrup-partnarane då vil sjå seg tent med å raffinera Sverdrup-oljen på Mongstad, seier Henriksen.

– Urovekkande

– Dette er overraskende, fordi då det ble avgjort å føra i land råoljen frå Johan Sverdrup på Mongstad, var eit av argumenta som vegde tungt at det med omfattande ombyggingar kunne gje langsiktig raffineridrift, seier Ove Lunde i Hog Energi.

Slik han ser det, er det viktig for Norge som petroleumsnasjon å ha eit topp moderne raffineri.

– Derfor er det overraskande at Statoil ser vekk frå det som vil sikra eit norsk raffineri ei strategisk kraft. Dersom du ser på dette i eit regionalt perspektiv er det urovekkande og tankevekkende at ein så viktig del av industrien i regionen går glipp av desse investeringane, seier Lunde.

På ei annen side, meiner Lunde det er fullt forståeleg at investeringane i petroleumsindustrien sit myke lengre inne i dagens krevande situasjon.

Artikkeltags