Masfjorden får verdas djupaste sjøkabel

CS Nexans Skagerak skal legge verdas djupaste sjøkabel på plass i Fensfjorden.

CS Nexans Skagerak skal legge verdas djupaste sjøkabel på plass i Fensfjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

BKK har inngått avtale om ein ny sjøkabel på åtte km som skal krysse Fensfjorden.

DEL

BKK Nett har inngått kontrakt med kabelleverandøren Nexans om utvikling, produksjon og installasjon av verdas djupaste 420 kV PEX sjøkabel, melder BKK i ei pressemelding.

Den nær åtte kilometer lange PEX-sjøkabelen vil krysse Fensfjorden i Masfjorden, og blir ein sentral del av den nye kraftleidningen som skal verte bygd frå Mongstad til Modalen. Sjøkabelen vil på det djupaste ligge på 526 meter.

– Kombinasjonen av type kabel og legging på 526 meters djupn, gjer dette oppdraget svært spesielt i verdssamanheng, seier Wenche Teigland, adm. direktør i BKK Nett i pressemeldinga.

Saman med den allereie ferdigbygde 420 kV kraftleidningen mellom Kollsnes og Mongstad, dannar ei vidareføring av leidningen frå Mongstad til Modalen ein ring som vil bidra til å trygge forsyninga til innbyggarar, næringsliv og industri i Bergensområdet. Kraftleidningen vil også gi plass til ny kraftproduksjon som det i dag ikkje er kapasitet til i nettet, skriv BKK i pressemeldinga.

Kontrakt på 350 millionar

Kontrakten har ein verdi på 350 millionar kroner, med varigheit på ca. to år.

Topografien i Fensfjorden gir ein krevjande installasjon av kablane.På Mongstad stuper det umiddelbart ned til nesten 200 meters djup, før hellinga minkar noko ned mot den djupaste delen av fjorden. Traseen vidare kryssar nordvestgåande, sediment-fylte kanalar og passerer sørvest-vende fjellsider i stiginga opp mot Iledalsvågen, der kabelen vil bli fløytt inn den siste kilometeren.

– Vi ser fram til å levere dette inspirerande prosjektet og til å slå vår eksisterande verdsrekord, seier Vincent Dessale, Executive Vice President i Subsea Energy Systems Business Line i Nexans Norway. 

Miljøvennleg sjøkabel

PEX-isolasjon har dei seinare åra tatt meir og meir over for oljetrykkskablar når det vert bygd kabelanlegg på høge spenningsnivå. Kablane er lettare å installere og utgjer ingen utsleppsfare i driftsperioden, slik eldre oljekablar gjør. Fram til no er det berre eit fåtal tilsvarande sjøkabelanlegg i verda som har nytta denne type teknologi for så høg spenning som 420 kV.

Nexans skal utvikle og produsere sjøkabelen ved sin fabrikk i Halden. Installasjon og arbeid på sjøbotn vil utførast med Nexans sitt eige kabelleggingsfartøy C/S Nexans Skagerrak sommaren 2019. Den nye kraftleidningen frå Mongstad til Modalen skal etter planen vere i drift ved utgangen av 2019, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken