Nytt tilbod til utviklings-hemma

SKAL TRENA UTVIKLINGSHEMMA: Mario Bertheussen (22) og Anette Hesjedal (25) gler seg til å setja i gang som trenarar. - Vi ønskjer alle velkomen, seier dei

SKAL TRENA UTVIKLINGSHEMMA: Mario Bertheussen (22) og Anette Hesjedal (25) gler seg til å setja i gang som trenarar. - Vi ønskjer alle velkomen, seier dei

Artikkelen er over 6 år gammel

Tirsdag inviterer Mario og Anette til trening for funksjonshemma. - Vi gler oss til å setja i gang som trenarar, seier dei.

DEL

Mario Bertheussen (22) og Anette Hesjedal (25) set tirsdag i gang med eit prøveprosjekt i Meland Aktiv.

– Vi skal arrangera trening for ungdom og vaksne som er utviklingshemma, seier dei to, som gler seg til å koma i gang.

Det var Anette som først kom med idèen, etter at ho i 2011 deltok på eit treningskontakt-kurs gjennom Meland kommune.

– Eg så at det var eit stort behov for noko slikt i Meland, og bestemte meg for at eg ønska å starta opp eit treningtilbod, seier Anette, som jobbar i eit bufellesskap medan ho tar lærarstudiet.

– Nølte ikkje eit sekund

Då ho spurte naboen Mario om kan kunne tenka seg å vera med som trenar, svarte han ja med ein gong.

–Eg nølte ikkje eit sekund, eg synest det hørest utruleg kjekt ut, seier han.

Tilbodet vert starta på initiativ frå dei to ungdomane, men dei utelukkar ikkje at det på sikt kan bli etablert eit lag i regi av Kvernbit om tilbodet vert vellukka.

Kvar tirsdag kveld i halvannan time skal dei to ungdomane vera ansvarlege for eit variert treningsopplegg for utviklingshemma.

– Vi kjem til å spela handball, fotball, leika og gå turar når vêret er fint, fortel dei.

Det viktigaste er at alle er i bevegelse, og kjem i god form.

– Det er ikkje eit krav om at ein har erfaring frå før, her kan ein vera nybegynnar, seier dei.

Ein treng heller ikkje melda seg på for å vera med.

– Det er berre å møta opp i Meland Aktiv, seier Anette, som er spent på kor mange som kjem.

–Viss det vert bra oppmøte kvar gong, vil vi fortsetja og utvikla tilbodet. Det store håpet er at så mange kjem, at vi må skaffa flere trenarar, seier Mario.

– Det hadde i tilfelle vore eit luksusprobem, smiler han.

Vil inspirera andre

Eit av formåla med treninga er at det kan vera ein smittande effekt på andre lokale lag og klubbar i regionen.

– Eg håper vi kan vera ein inspirasjon til å starta fleire lag med utviklingshemma, seier Anette, som meiner det er alt for få tilbod til både barn og vaksne med funksjonshemming.

Stiftelsen Meland Aktiv har inntil vidare gitt Anette og Mario tilbod om gratis leige av hallen.

– Det set vi set vi stor pris på. Så får vi sjå korleis dette utartar seg vidare, om tilbodet vert populært og om vi må betala leige seinare, seier Anette.

Fokus på inkludring

Mario og Anette fortel at dei i tillegg til fysisk aktivitet, kjem til å ha eit stort fokus på inkludering.

– Dette er ein fin sjanse til å vera saman med andre, trena og ha det kjekt, seier Mario, som påpeikar at det ikkje berre vert leik og moro.

– Vi skal nok kjøra dei litt også, men vi skal sørga for at det vert gøy på trening, seier han.

– Det er viktig at dei som blir med,

har noko å strekka seg etter. Alle menneske treng ei kjensle av meistring, noko som og gjeld utviklingshemma, difor kjem vi til å setja fokus på dette og, seier Anette.

Alle velkomne

Dei to ønskjer alle som vil, velkommen på trening i Meland Aktiv, både med og utan foreldre eller støttekontakt.

Dei oppfordrar alle som er usikre på om dei skal møta, til å hoppa i det.

– Hiv dykk med! Dette kjem til å bli gøy, utfordrande og kjekt! Alle frå heile Nordhordland er hjarteleg velkomne!

Artikkeltags