Nynorsken tapar for bokmål i Nordhordland

FYLT OPP: Det er no så mange bokmålselevar i Lindås og Meland at dei kunne fylt opp Alversund skule to gonger.

FYLT OPP: Det er no så mange bokmålselevar i Lindås og Meland at dei kunne fylt opp Alversund skule to gonger. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Medan det er nøyaktig like mange nynorskbrukarar i grunnskulen i Lindås og Meland no som for 13 år sidan, er det heile 401 fleire bokmålsbrukarar. Det kostar kommunane dyrt.

DEL

– Kvar bokmålsklasse me må oppretta kostar oss ein halv million kroner, seier Meland-ordførar Nils Marton Aadland til avisa Nordhordland.

Størst tilbakegang i Meland

Ikkje overraskande er det vekstkommunen Meland som har opplevd den største endringa når det kjem til bokmåls og nynorskbrukarar.

LES OGSÅ: Bokmåls-elevar må til Sagstad

Faktisk har kommunen ein tilbakegang i talet på nynorskbrukarar blant sine 1034 grunnskuleelevar.

I skuleåret 1999/2000 var det totalt 889 elevar i grunnskulen i kommunen og av dei var det berre 72 som hadde bokmål som hovudmål.

Det utgjorde ein prosentandel på åtte. Førre skuleår var prosentandelen på heile 23,8.

Då nytta 246 av 1034 elevar bokmål på grunnskulen.

Små klassar

– Det å velja eit alternativt målføre er ein rett elevar og foreldre har, men det er ingen grunn til å leggja skjul på at det også medfører nokre utfordringar, seier Aadland til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: No får du nynorsk mjølk i butikkane

Han peikar på at kommunen har større lærartettleik enn samanliknbare kommunar.

– Vi har mindre elevgrupper per lærar. Mykje av årsaka til dette er nettopp krav om å dele i eigne grupper når meir enn 10 elevar ønskjer eit anna mål enn det som er hovudmålet. Dette skapar ei utfordring i høve til det å utnytte ressursane best mogleg, seier han.

– Nynorsken har ei framtid

Meland er ein tilflyttarkommune og Aadland seier at det er truleg hovudgrunnen til at talet på bokmålsbrukarar aukar.

– Men at auken var såpass stor var overraskande, seier han.

Også i Lindås vert det stadig fleire bokmålsbrukarar i grunnskulen.

LES OGSÅ: Fabelprisen for fantasy-serie

I 1999 var det 1361 nynorskbrukarar og 354 bokmålsbrukarar i grunnskulen. Tretten år seinare var tala høvesvis 1399 og 581.

– Nynorsken har ei framtid. Det er viktig å ta vare på det og det er viktig å belysa at nynorsken har ein plass i samfunnet, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

– Sterke motkrefter

Leiar i Meland mållag, Haakon Aase seier at nynorsken har ein sterk stilling framleis og vil ha det framover.

Han og peikar på tilflyttinga til kommunen som årsaka til at nynorsken stadig tapar terreng.

– Det er klart at det er ikkje uventa når er i fase med så sterk innflytting. Så vil det kunne slå ut på desse tala. Men det er ikkje sikkert at utviklinga kjem til å vera slik for alltid, peikar han på.

LES OGSÅ: Nominert til årets nynorsk-kommune

Dette er eit tema det lokale mållaget ikkje har jobba med på lenge.

– Me har vore aktive på kulturfronten, men det er mogleg at må jobba meir med skulemålet. Men eg har ikkje oppskrifta her eg sit nett no, seier han.

Aase innrømmer at han fryktar for framtida til nynorske i Meland.

– Ja, det kan eg jo seia. Men ein kan ikkje gå rundt og vera uroa heile tida. Det andre er at det sterke motkrefter til utviklinga. Nynorsken har ei sterk stiling blant melandsbuen, meiner han.

– Det største problemet vårt er likesæle og fåkunne, sluttar han.

Språkrådet: – Urbaniseringa går ut over nynorsken

Kvart år vert det rundt 0,2 prosentpoeng færre nynorskbrukarar i Noreg. I Hordaland er det vorte 2000 færre nynorskbrukarar i grunnskulen sidan 1999.

– Denne utviklinga er det lett å henge på folketalsutviklinga, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

LES OGSÅ: Målrosa til Risnes Elektro

Han peikar på at det er opphavlege bokmålsområde som i all hovudsak har fått folkeveksten dei seinare åra.

– Det har vore ei urbanisering som har medført at ein mindre del av folket bur i kommunar som har nynorsk som opplæringsmål, peikar han på.

Meland og Lindås har opplevd noko liknande ved at kommunane, sjølv om dei opphavleg er nynorskkommunar, har opplevd aukande innflytting av bokmålsbrukarar dei seinare åra.

I Hordaland har nedgangen i nynorskbrukarar på grunnskulen gått frå 45,3 prosent til 39,2 prosent.

24.500 skuleelevar nyttar nynorsk

– I reine tal snakkar me om ein nedgang frå 26.500 nynorskbrukarar til 24.500, seier han.

Vonen seier at nynorsken er svært motstandskraftig.

– Utviklinga går ikkje så fort, sjølv om retninga er openberr og det vert større press for å orientera seg meir mot bokmål enn nynorsk. Motstandsdyktigheita til nynorsk viser seg ofte å vera større enn ein trur, seier han og viser til vekstkommunen Askøy.

Der har det vore to folkerøystingar om ein skulle gå over til bokmål som opplæringsspråk. Nynorsken vann begge avstemmingane.

– Det er døme på at bevegelsen over til bokmål ikkje går så fort som ein kan få inntrykk av, seier han.

Artikkeltags