Nyborgtunnelen kjem innan ti år

TUNNELEN  KJEM: Nyborgtunnelen  kjem, men først i perioden 2014-2019.

TUNNELEN KJEM: Nyborgtunnelen kjem, men først i perioden 2014-2019.

Artikkelen er over 9 år gammel

Men det er strilane som må punga ut igjen.

DEL

Nyborgtunnelen er med i Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2019, men berre dersom strilane klarar å samla seg om bompenge-betaling.

- Ein gledas dag, denne typen satsing har vi aldri sett før. Eg er utruleg glad for at Nyborgtunnelen er omtalt. Det betyr at prosjektet er prioritert. Hadde ikkje tunnelen vore nemnt i dag, ville det gått svært mange år, seier Sveinung Valle som er styreleiar i Nordhordlandspakka AS.

Han slår likevel fast at det er no jobben byrjar.

- Nasjonal Transportplan (NTP) har tunnelen med, no byrjar vår jobb for å sikra at den statlege summen vert så høg som mogleg, seier Valle. Han ser for seg oppstart i 2013 og ferdig tunnel i 2017.

Satsar på E39

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete la i går fram regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan. Eit av hovudsatsingsområda er kyststamvegen E39.

Men regjeringa vel først å fullføra påbyrja utbetring på dagens veg mellom Hylkje og Vågsbotn før ein gjev seg i kast med å byggja Nyborgtunnelen. Samstundes skal Nyborg-området i Åsane gjerast klart til å ta imot ein ny veg frå Nyborgtunnelen.

Ny firefelts tunnel frå Klauvaneset til Vågsbotn kjem så inn i planen i perioden 2014-2019, Men vilkåret er krystallklart – regionen må gå inn på delvis bompengefinansiering.

- Ny tunnel også ved Vikanes

Ein målsetnad for regjeringa er at reisetida frå Stavanger til Trondheim via E39 skal kortast med ein time. I dette bildet ligg og midlar til å byggja ny tunnel frå Vikanes til Romarheim.

Dette prosjektet erstattar eit strekk med både dårlege svingar og den svært trafikkfarlege Vetle-Urdal tunnelen. Også prosjektet på Vikanes ligg inne som eit mogleg tiltak i perioden 2014-2019.

Må verta samde

Sveinung Valle opplyser at målet er å ha klar ein ny bompengesøknad for godkjenning i kommunane innan sommaren.

- Vi kan ikkje gløyma alt vi sagt til no om plassering av bomstasjonar, men trafikkteljing og vurdering kor det kan krevjast inn pengar må gjerast heilt på nytt. Nyborgtunnelen var jo ikkje med då dette vart drøfta sist, seier Valle.

Han trur og at prosjekta i Knarvik og over Radøy kan koma i gang innan få år.

- Der er reguleringsplanane ferdige, under føresetnad av at regionen godtek bompengar, trur eg difor desse to prosjekta kan setjast i gang før Nyborgtunnelen, seier han.

Avhengig av å lukkast

Sveinung Valle vil ikkje utan vidare vera med på at finanskrisa reddar bompengepakka, men slår fast at vegsatsinga er eit positivt resultat av nedgangstidene.

- Det er riktig å bruka meir pengar no. Men vi er avhengig av at folk er villege til å betala sin del. Vert det nei til vegpakka, trur eg ikkje det vert gjort fleire forsøk, vi er avhengige av å lukkast no, seier han.

Løpet hadde vore kjørt

Det same seier ordførar Jon Askeland på Radøy.

- Utan at vi var med i NTP no trur eg løpet hadde vore kjørt. No seier staten at dei stiller opp, då må folk i Nordhordland vera førebudd på å ta si del av rekninga, slik dei må det i alle regionar, seier Askeland.

Godt håp for Radøy

Han stadfestar at det i fleire parti er jobba knallhardt for å påverka regjeringa.

- Nyborgtunnelen var ikkje nemnt i etatane sine utkast, no er vi ført opp som prioritert tiltak. Det har ikkje skjedd utan kamp, forsikrar Askeland. Han har godt håp om ny veg også over Radøy.

- Det vert no gjort endringar der staten berre har ansvar for stamvegar. Radøy må kjempa om midlar gjennom kommuneproporsjonen. Den ramma dei starta med der var vi svært misnøgde med, men vi merkar oss at det også der er plussa på kraftig. Eg er difor optimist for Radøy sin del, seier Askeland.

Artikkeltags