Ny pris til Leikvoll

STOR EIGENART: - Med ein roleg, vond, sansande og vakker prosa, har Jan Roar Leikvoll skapt tre romanar med stor eigenart, heiter det grunngjevinga frå juryen bak tildelinga av Bokhandelens forfattarstipend. (Arkivfoto: Morten Sæle)

STOR EIGENART: - Med ein roleg, vond, sansande og vakker prosa, har Jan Roar Leikvoll skapt tre romanar med stor eigenart, heiter det grunngjevinga frå juryen bak tildelinga av Bokhandelens forfattarstipend. (Arkivfoto: Morten Sæle)

Artikkelen er over 6 år gammel

- Denne hausten kjennest uverkeleg, seier Jan Roar Leikvoll. Fredag vart forfattaren tildelt Bokhandelens forfattarstipend.

DEL

Stipendet er på 200 000 kroner, og er eit samarbeid mellom Den Norske Forfatterforening og Bokhandlerforeningen, og vert delt ut til norske forfattarar i etableringsfasen som eit bidrag til å sikra framtidas norske forfattarskap.

LES OGSÅ: Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris

- Denne hausten kjennest uverkeleg. Eg er takknemleg og audmjuk for det som skjer med bøkene mine, og eg vilretta ein stor takk til mine lesarar og alle dei som trur på det eg skriv, seier forfattaren sjølv om stipendet.

I grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna:
"Med ein roleg, vond, sansande og vakker prosa, har Jan Roar Leikvoll skapt tre romanar med stor eigenart. Like under reisverket av vakre formuleringar og ei gjennomstrøyming av håp, ligg motsatsen; kald, knusande og sadistisk. Leikvoll viser fram dystopiane, løftar og bryt ned, manipulerar fram fantasiar hos hovudpersonane før den realistiske handlinga innhentar språket igjen. Kontrastane, det svarte og det kvite, ligg tett inntil kvarandre, men universa og språkføringa blir aldri spekulativ. Vi kjenner igjen romanuniversa, vi veit om vondskapen, men vi har ikkje sett innhaldet i desse universa vekta og sydd saman slik før. (...) Leikvolls romangrep er så sikkert, språket så godt at lesaren sjølv må løfta auga frå teksten og reflektera over rett og gale, rett innanfor det gale, sjekka nok ein gong om det finst forsvar og tilgjeving. God litteratur set ikkje berre romankarakterane på prøve, den ristar i og testar lesaren også."

Artikkeltags