Fleire, men kortare lokalnyheiter i NRK

Artikkelen er over 3 år gammel

NRK varslar endringar i TV-sendingane sine. Fleire, men kortare distriktssendingar og meir distriktsstoff på NRK1 er blant endringane.

DEL

I dag sender NRK til saman 20 minutt med distriktsnyheiter før Dagsrevyen og Dagsrevyen 21. No skal også Kveldsnytt få si distriktsoppdatering. Kvar av sendingane skal vare i fem minutt, skriv NRK.

Ifølge distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen har publikum flytta sine TV-vanar til seinere på kvelden. Ho seier det derfor er viktig for NRK å vere til stades med eit regionalt tilbod når publikum ser på TV.

Etter omlegginga skal meir av det distriktskontora lagar sendast på riksdekkande TV. I 2018 kjem også eit nytt halvtimesprogram på NRK1, Norge Direkte, som skal sendast frå ulike stader kvar dag.

– Er det lofotfiske, så er det naturleg at vi er der. Heile sendinga vil ha programleiing frå ute i landet og staden vil variere frå veke til veke – avhengig av kva som faktisk skjer, seier Gynnild-Johnsen til bransjenettstaden Medier24.

Medier24 skriv at dei regionale TV-nyheitene får stadig færre sjåarar.

Artikkeltags