Gå til sidens hovedinnhold

Norled vil setje inn denne ferja på Fensfjorden. Får blankt avslag

Artikkelen er over 6 år gammel

– Me hadde eit håp om å få sett inn MF «Bjørnefjord» over Fensfjorden i haust, men det ser ut til å stranda på formalitetar frå Skyss og Statens vegvesen si side.

Det seier Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjer i Norled til avisa Nordhordland.

«Gloppen» i reserve

Planen deira var å erstatta den skadeplaga MF «Melderskin» over Fensfjorden med «Bjørnefjord». Samstundes skulle «Gloppen» vera reserveferja på Sognefjorden. Det har dei fått blant avslag på, Plan B er framleis å bruka «Bjørnefjord» på Fensfjorden, samstundes skal den vera reserveferje over Sognefjorden.

– Men me ville ha «Gloppen» liggande i Skipavika, slik at den kan gå inn på sambandet over Fensfjorden når «Bjørnefjord» var vekke, seier Utåker.

LES OGSÅ: Sløvåg-ferja ute igjen

Han viser til at då vil det ikkje verta driftsavbrot som passasjerane merkar om hovudferja må vekk.

– «Bjørnefjord» er best for dei reisande og mest hensiktsmessig, seier Utåker.

–Det vil vera spill av resursar å ikkje bruka den mest mogleg, seier han vidare.

Oddmund Sylta, direktør i Skyss er tydleg på kva dei meiner.

– Skal ha ei fast ferje

– Me har fått informasjon om at Norled vil setta inn «Bjørnefjord» over Fensfjorden og samstundes ha den som reserveferje over Sognefjorden. Det synst me ikkje noko om, så tydeleg skal me vera, seier Sylta.

– Har me ei hovudferje, er det den som skal gå der fast, peikar han på.

– Men dei vil ha «Gloppen» liggande i Skipavika og bruka den som reserveferje?

– Det er nye opplysningar for oss, seier Sylta.

LES OGSÅ: Reserveferje vert sett inn

Partane skal ha eit driftsmøte på måndag, då vil Norled igjen ta opp saka.

«Gloppen» er ei lik ferje som «Melderskin», men med litt mindre reell kapasitet. Samstundes har den automatisk slukkeanlegg, så ein slepp å la bilar stå igjen på kaien om det skulle komma farleg last om bord.

Statens vegvesen er heilt klare på at å setta «Gloppen» inn som reserveferje over Sognefjorden er heilt uaktuelt, sjølv om den tidlegare har gått fast på sambandet.

– Det er ei ferje som ikkje har fungert særleg bra på det sambandet. På høgvatn tek til dømes lange køyretøy nedi. Så eg tykker ikkje det er noko godt å ha den i ti nye år der oppe, seier Anders Sæternes, fagkoordinator for ferjedrift i Statens vegvesen.

LES OGSÅ: Krev ny ferje over Fensfjorden