Statoil med oljefunn i Nordsjøen

Det er sørvest for Oseberg Sør-feltet i Nordsjøen Statoil har gjort funnet, det det er mogleg å vinna ut mellom 140 og 220 millionar fat. Foto: NTB Scanpix

Det er sørvest for Oseberg Sør-feltet i Nordsjøen Statoil har gjort funnet, det det er mogleg å vinna ut mellom 140 og 220 millionar fat. Foto: NTB Scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Statoil har gjort eit lite oljefunn i Krafla-området, sørvest for Oseberg Sør-feltet i Nordsjøen.

DEL

Foreløpig berekningar av storleiken på funnet er mellom 0,7 og 2,5 millionar standard kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalentar, melder Oljedirektoratet ifølgje NTB.

Funnet vil inngå i evalueringa av feltutbygginga saman med tidlegare funn i området.

Nettstaden Offshore.no skriv at Statoil og partnerar tidlegare har hatt gode leiteresultat i området. Så langt er det påvist mellom 140 og 220 millionar fat.

Artikkeltags