Skulelei ungdom i fyr og flamme – sette fyr på bøkene sine

Skulelei ungdom sette fyr på skulebøkene sine utanfor Nordhordlandshallen.

Skulelei ungdom sette fyr på skulebøkene sine utanfor Nordhordlandshallen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Brannvesenet måtte rykka ut.

DEL

Måndag føremiddag fekk politiet melding frå ei tilfeldig forbipasserande kvinne at det brann bak ein transformator ved Nordhordlandshallen.

– Det er nokre ungdommar som har brent ein del skulebøker der, seier lensmann Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Væpna politi rykka ut til mann med kniv på skulevegen

Politiet veit kven i alle fall tre av dei er. Alle tre, som er elevar ved Knarvik ungdomsskule, må rekna med å ta turen innom lensmannskontoret i nær framtid.

Brannen spreidde seg aldri, korkje til transformatoren eller Nordhordlandshallen.

– Men det kunne fort ha anten transformatoren, seier Vangberg.

Han kallar ungdommen ubetenksomme, då dei berre hadde sett fyr før dei forlot staden.

LES OGSÅ: Fann fire kattungar i pappøskje

Brannvesenet var usedvanleg raskt på staden.

– Då kvinna som oppdaga brannen skulle til å ringa brannvesenet, kom dei tilfeldigvis oppom Nordhordlandshallen, då dei skulle fylla ein bil med vatn. Så brannen vart raskt sløkt, seier Vangberg til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Bergensarane strøymer til - politiet må melda pass

Artikkeltags