Bil mista hjul på Nordhordlandsbrua

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 14.09 torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil hadde trøbbel på Nordhordlandsbrua.

– Melder kom køyrande over brua, og der stod det ein bil på tre hjul, fortel Frode Kolltveit ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Føraren som melde frå måtte køyre rundt bilen for å komme vidare, då denne stod i eine vegbana.

Ifølge Kolltveit skal det ha vore to personar i bilen.

– Det såg ut til at dei venta på bergingsbil, og det skal ikkje vere nokon som er skadde, sa Kolltveit like før klokka 14.30.

Det var då ikkje køar å melde om etter uhellet.

Artikkeltags