Kjedekollisjon på E39 - ni personar involvert

Den siste bilen vart fjerna av bergingsbil i 19.15-tida. Foto: Nh-tipsar

Den siste bilen vart fjerna av bergingsbil i 19.15-tida. Foto: Nh-tipsar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ni personar blei involvert då tre bilar kolliderte ved Hordvikunnelen på E39 sør for Nordhordlandsbrua.

DEL

Ulukka blei meld like før klokka 17 søndag, melder BA.

Meldinga var at tre bilar var involvert i kjedekollisjon ved Hordviktunnelen.

– Det er mindre materielle skadar, melde 110-sentralen.

Kollisjonen skjedde på nordsida av tunnelen, som blei stengt etter kollisjonen.

Det var til saman ni personar i bilane, deriblant ein baby.

– Ingen personar vart skadd, opplyser Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

LES OGSÅ: Kollisjon i Lindås

Klokka 17.34 opplyste Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna for trafikk. Det var manuell dirigering utanfor tunnelen inntil opprydningsarbeidet var ferdig.

– Det blei ikkje så lange køar. Politi og bergingsbil bidrog til å få det fort i orden, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen til BA.

Det er lange køar på E16 frå Dale mot Arna på grunn av påskeheimfart.

Krasja i grantre i Austrheim 

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags