Redningsaksjon ved Nordhordlandsbrua: Brann i båt med tre om bord

Både redningsskøyten KG Jebsen og brannvesenets båt Sjøbrand deltok i redningsaksjonen onsdag kveld. Til høyre for KG Jebsen ligger havariste, Ringasund.

Både redningsskøyten KG Jebsen og brannvesenets båt Sjøbrand deltok i redningsaksjonen onsdag kveld. Til høyre for KG Jebsen ligger havariste, Ringasund. Foto:

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

Det brann i motorrommet på den 28 meter lange Ringasund nord onsdag kveld.

DEL

Brann- og redningsbåten Sjøbrand med mannskap rykka ut til staden onsdag kveld. Ringasund befant seg då nord for Nordhordlandsbrua, og det var tre personar om bord.

Det skreiv BA onsdag kveld.

Tre om bord

Naudmeldinga kom først til Hovudredningssentralen i Sør-Norge via Rogaland Radio klokka 18.35, og deretter til 110-sentralen i Hordaland som sende naudetatane mot staden.

Klokka 18.46 var brannen slukket.

– Det var tre personar om bord då det begynte å brenne, og mannskapet sløkte brannen sjølv. Det blei stor røykutvikling, men ingen er skadd, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Nils-Ole Sunde til BA.

Det var to handelsfartøy som kom først til havaristen etter at dei hadde høyrt naudmeldinga på radio.

– Dei gjekk raskt til assistanse før brannbåten og redningsskøyta kom fram. No har røykdykkarar gått inn for å sjekke at brannen er heilt sløkt, seier Sunde.

Sur røyk

Redningsskøyta KG Jebsen dro også til staden.

– Det har vore antydning til brann i motorrommet. Det automatiske sløkkeanlegget i maskinrommet sløkte brannen, seier skipper Alfred Aastrøm på RS Kristian Gerhard Jebsen.

Det var regntungt og mørkt ved Nordhordlandsbrua onsdag kveld, men ikkje mykje sjø.

– Kom det mykje røyk fra havaristen?

– Det er bekmørkt, så det er vanskeleg å sjå. Det er forferdeleg dårleg sikt, men vi kjenner at det er sur røyk.

Gammal redningsskøyte

Båten, som hadde brann om bord, er ei gammal redningsskøyte frå 1968. Den skal ha vore i bruk i oppdrettsbransjen.

Klokka 19.30 melde brannvesenet at redningsskøyta ville ta havaristen på slep frå Hordvikneset.

Båten låg utanfor Hordvikneset (markert på kartet), nord for Nordhordlandsbrua, då brannen blei oppdag.

Artikkeltags