– Nordhordlands-pakken tåler ikkje nye utsettingar

TØFFAR SEG: Magne Rifsgård, Meland (frå venstre), Jostein Hellestveit, Lindås og Jon Askeland, Radøy ventar på betre vegar i Nordhordland. Dei gav mandag klar melding til statssekretær i samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard.

TØFFAR SEG: Magne Rifsgård, Meland (frå venstre), Jostein Hellestveit, Lindås og Jon Askeland, Radøy ventar på betre vegar i Nordhordland. Dei gav mandag klar melding til statssekretær i samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Utsetting kjem ikkje på tale, for vi har venta lenge nok på betre vegar i Nordhordland.

DEL

Det seier Jostein Hellstveit i Lindås SP.

Nordhordlandspakken er inne i framlegg til Norsk Transportplan (NTP) i fase 2, men utan planleggingsmidlar løyvd i fase 1 blir prosjektet utsett.

– Vi treng eit sterkare næringsliv i Nordhordland. Utan gode tilførselsvegar til E39, får vi ikkje bedrifter til å etablera seg, seier Magne Riftsgård i Meland SP, som på veg til Knarvik møtte ein bil med brei last. For at bilen med den breie lasta skulle koma seg fram, stopp all annan trafikk opp.

LES OGSÅ: Regjeringa lovar Nyborgtunnel

Dette er eit av kvardagsbilda mange bilistar i Nordhordland opplever som resultat av dårlege vegar, i tillegg til dei endelause køane dei må stå i gjennom Åsane på veg til og frå jobb.

Må ha planleggingsmidlar

Men utan planleggingsmidlar, som per i dag ikkje er løyvd, vil Nordhordlandspakken ikkje kunna realiserast.

– Vi brukar difor kvart einaste høve til å fortelja sentrale styremakter kor viktig det er for oss å få planleggingsmidlane på plass i fase 1. Får vi dei på plass innan rimeleg tid, har vi tid nok til å gjera det planleggingsarbeidet som skal til, seier regionrådsleiar Jon Askeland, som i dette tilfellet representerer Radøy SP.

Viktigare enn skattelette

Mandag var statssekretær i samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard i Nordhordland i eit anna ærend, og då hadde SP-laga eit møte med henne om denne viktige saka.

LES OGSÅ: Vil legga E39 i lokk

Statssekretæren viste til at det i komande NTP-periode vert satsa mykje på Hordaland.

– Vi meiner at samsferdsel er viktigare enn skattelette. For gjennom arbeidet vi gjer med vegar og bane, byggjer vi opp alternative næringsvegar som skal forsyna oss den dagen vi ikkje lenger har olje, svarar statssekretæren.

Gode tilførselsvegar

Satsinga her vest dreier seg i hovudsak om E39, men det som er viktig for folk i distrikta er å ha gode vegar som fører inn mot E39, dersom ein skal styrka det lokale busettings- og næringslivet. Det er visjonen som ligg i Nordhordlandspakken.

– Historia viser at Nordhordland og Bergen har strevd med å verta samde om kva pakken skal innehalda, framhevar Askeland.

– Det er dei som klarar å verta samde fort som stiller først i køen, svarar statssækretæren, som ikkje kan lova planleggingsmidlar på denne turen.

LES OGSÅ: Hareide rosar Nordhordlands-pakken

Artikkeltags