Stå på og grip sjansen

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes.

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarVi har tidlegare annonsert at Avisa Nordhordland skal etablere ein Ung-redaksjon med journalistar i alderen 15-18 år. No er den på plass og vi har presentert dei ti som fekk innpass denne gongen.

Målet vårt med Ung-redaksjonen er todelt. Vi ønsker sjølvsagt å gjere avisa meir aktuell for yngre lesarar. I for stor grad har vi retta oss mot den eldre garde. Ungdomsstoffet har dessutan i stor grad vore skrive på dei vaksne sine premissar. Det trur og håper vi blir betre med eigen Ung-redaksjon.

Det andre er at vi ønsker å ta ei rolle der vi lærer opp unge i journalistikk og fremjar nynorsk språk. Begge deler meiner vi det er sterkt behov for.

Journalistikken er under hardare press enn nokon gong, og den oppveksande generasjon må forhalde seg til langt fleire aktørar som hevdar å sitte på sanninga enn tidlegare. «Fake news» har blitt ein global debatt i kjølvatnet av det amerikanske presidentvalet. Vi ser at det kan mangle elementære kunnskapar om kvifor media er viktig, også i lokalsamfunnet.

Nynorsken er også under press, og ikkje minst i vårt distrikt der Bergen veks utover og bergensarar flyttar til Nordhordland. Det gjer at bokmål får stadig større innpass. Vi held likevel fast på nynorsken fordi vi meiner det er viktig. Det handlar om identitet og språkpolitikk. Vi har to skriftspråk i Norge, og det er viktig å halde fast på.

Til prosjektet har vi fått økonomisk støtte frå Vinjefondet som fremmar nynorsktiltak i media. Utan denne støtta hadde ikkje dette prosjektet vore mogleg å gjennomføre. Det er vi takknemleg for, og det legg positivt press på oss om at vi må levere eit solid produkt.

No får Ung-redaksjonen ganske frie taumar. Dei får velje tema dei unge i Nordhordland er opptatt av. Her vil vi i liten grad legge føringar. Redaksjonen kjem til å innta ei rolle der vi først og fremst skal rettleie Ung-redaksjonen i grunnleggjande journalistiske prinsipp og presseetikk.

Vi har gjennomført det første oppstartsmøtet og vi er sikre på å ha fått ein solid gjeng med pågangsmot, varierte interesser og mange friske idear. Mange er teknologisk langt framme og vil levere stoff i nye mediekanalar.

Stoffet Ung-redaksjonen leverer vil bli presentert her på nordhordland.no, i papiravisa og vi har også oppretta eiga Facebook-gruppe og Instagram-konto. Snapchat er også på trappene.

Vi lovar å ta ung-redaksjonen godt i mot i avisa og håper alle dei er i kontakt med på oppdrag for oss gjer det samme. Til Ung-redakskjonen gjenstår det berre å sei; stå på og grip sjansen! No er det de som styrer showet.

Artikkeltags