Mann frå Lindås vann 4,6 millionar kroner i Lotto

Her var talrekka som gjorde ein trufast mannleg spelar frå Lindås til Lotto-millionær laurdag kveld:  1 - 3 - 10 - 19 - 20 - 25 - 30

Her var talrekka som gjorde ein trufast mannleg spelar frå Lindås til Lotto-millionær laurdag kveld: 1 - 3 - 10 - 19 - 20 - 25 - 30 Foto:

Av og
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein av tre heldige vinnarar laurdag.

DEL

Ein mann frå Lindås var laurdag blant dei tre heldige vinnarane som hadde sju rette i Lotto. Han kunne dermed innkassere 1. premien, som denne laurdagen var på heile 4,6 millionar kroner.

Mannen hadde kjøpt vinnarkupongen hos Joker Brekke i Gulen, kan Norsk Tipping opplyse.

– Er det sant? utbraut han då spelselskapet på Hamar ringte.

Har spelt sidan starten

Mannen var på hytta og i full gang med matlaging med folk rundt seg då han fekk telefonen «alle» drøymer om.

– Dette er berre heilt fantastisk, dette har eg alltid drøymt om. Eg har vore med sidan starten av Lotto, og spelt den samme rekka i alle år. No må vi sette oss ned før vi besvimer, seier Lindås-mannen til Norsk Tipping.

I bakgrunnen kunne ein høyre både jubel og latter.

Lotto blei ifølge BA lansert i Norge 19. april i 1986. Så lindåsingen har venta ei stund på millionpremien sin.

På det obligatoriske spørsmålet om kva millionane skal brukast på, seier lindåsingen at han skal betale ned gjeld, og at det skal bli godt å ha «litt ekstra» på konto.

Han er den andre Lotto-millionæren frå Lindås i 2018. I juni vann ei kvinne éin million kroner.

16 Lotto-millionærar hittil i år

Etter laurdagens Lotto-trekning er det totalt 16 personar frå Hordaland som har blitt Lotto-millionær i 2018.

Sidan Lotto blei lansert for 32 år sidan har spelet gjort 601 hordalendinger til Lotto-millionærar. Det er kun Akershus som har fleire millionpremiar i Lotto enn Hordaland, skriv BA.

Ein mann frå Bergen og ein mann frå Ålesund fekk samme hyggelege telefon frå Norsk Tipping som lindåsingen laurdag. Dei hadde alle spelt denne vinnarrekka: 1–3–10–19–20–25–30

Dei ti største Lotto-premiane frå Hordaland

45 mill: Kvinne frå Bergen 29.09.2012

34,5 mill: Kvinne frå Meland 27.11.2010 

16,7 mill: Kvinne frå Sveio 15.08.2009 

16,6 mill: Mann frå Bømlo 05.01.2008

16,4 mill: Mann frå Bergen 20.02.2010 

15,8 mill: Mann frå Bergen 03.01.2009 

14,7 mill: Mann frå Bergen 11.06.2011 

14,1 mill: Mann frå Bergen 03.10.2015 

12,3 mill: Mann frå Austevoll 22.09.2012 

10,6 mill: Mann frå Askøy 12.07.2014

Artikkeltags