Stor søndagstrafikk på E39 skapar kø
Det var lang og saktegåande kø på E39 i sørgåande retning søndag kveld. Foto: Nh-tipsar
Saktegåande trafikk på E39 søndag ettermiddag.
Mange har nytta denne helga til å ta langhelg og legge ut på tur ettersom det var Kristi Himmelfartsdag og fridag torsdag.
Dette viser igjen på trafikken på E39 søndag kveld. I 17.30-tida var det svært stor trafikk på E39 i sørgåande retning mot Bergen. Frå Vågsbotn til Hylkje var det saktegåande kø, og det var samanhengande trafikk til Nordhordlandsbrua.
LES OGSÅ: Bilførar tatt med 1,6 i promille
Trass i stor trafikk, har det ikkje vore rapportert om uhell i trafikken denne helga i Nordhordland.
Det er meldt om lange køar på E16 frå Trengereid og inn mot Bergen. Vegtrafikksentralen opplyser til BA at køen der er aukande.