Fem bilistar fekk mangellapp av politiet på fylkesveg 57

Fem bilistar fekk mangellapp for manglande lys då politiet gjennomførte ein lys- og promillekontroll på fylkesveg 57 her ved Seim tidleg onsdag morgon.

Fem bilistar fekk mangellapp for manglande lys då politiet gjennomførte ein lys- og promillekontroll på fylkesveg 57 her ved Seim tidleg onsdag morgon. Foto:

Køyrde med manglande lys.

DEL

Tidleg onsdag morgon, i tidsrommet mellom klokka 06 og 07, gjennomførte lokalt politi i Nordhordland ein lys- og promillekontroll på fylkesveg 57 ved Seim.

– Ingen vart tatt med promille, men det vart skrive fem mangellappar på grunn av feil lys, seier politioverbetjent Ivar Holmaas til Avisa Nordhordland.

Med årstida vi er inne i, oppfordrar han alle bilistar til å sjekke lysa ekstra grundig.

– Sjølv om bilen har vore på EU-kontroll, så kan lysa ryke. Dette må ein følgja med på når ein køyrer, for det kan vere eit faremoment å ikkje ha lys, seier Holmaas.

Mangellapp medfører ikkje bot, men er eit pålegg om utbetring.

Artikkeltags