Gå til sidens hovedinnhold

23 tatt i laserkontroll på E39 i Romarheimsdalen - to mista lappen

Artikkelen er over 2 år gammel

Nedslåande resultat på verstingstrekninga i Romarheimsdalen.

(BA): For bilistane som suste gjennom Romarheimsdalen på E39 torsdag ettermiddag, venta ei ubehageleg overrasking: Utrykningspolitiet med laserkontroll.

Frå klokka 12.00 til 15.00 stod patruljen og kontrollerte farten til trafikken gjennom dalføret. Resultatet var 23 bilistar tatt på fersken. To av dei køyrde så fort at dei mista førarkortet, mens dei 21 andre fekk forenkla førelegg.

– Det er som forventa og liknar andre kontroller i det området. Talet på overskridingar er mange, seier UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes til BA.

Les også

Måtte fjerne stein på fleire tonn frå nyasfaltert veg i Alversund – no må kommunen asfaltera på nytt

 

Høgaste målte fart var 117 km/t i 80-sona.

– Det er høg fart, men vi har sett høgare på den strekninga. Sånn sett er det gledeleg at det var i det lågare skiktet, seier Oksnes.

Grensa for førarkortbeslag er 116 km/t i 80-sona.

Onsdag gjennomførte også UP laserkontroll, då i Vollavegen i Indre Arna. Då blei 18 førelegg skrive ut i løpet av to timar.

Les også

Her vart brua oppgradert - etterpå var det for trongt for bussen

 

Kommentarer til denne saken