Statoil har innført fleire strakstiltak for å betre IT-tryggleiken

I 2014 stansa produksjonen ved Statoil Mongstad etter ein tastefeil i India. No har Statoil iverksett fleire strakstiltak for å hindre liknande episodar. Arkivfoto

I 2014 stansa produksjonen ved Statoil Mongstad etter ein tastefeil i India. No har Statoil iverksett fleire strakstiltak for å hindre liknande episodar. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Indiske IT-arbeidarar mistar tilgangar til Statoil sine olje- og gassanlegg.

DEL

Det var i slutten av oktober NRK avslørte at sikkerheita ved Statoil sine anlegg fleire gonger har vore sett i fare som eit resultat av at drifta av datasystem er outsourcha til India.

Ein av dei mest oppsiktsvekkande episodane skjedde då heile produksjonen ved Statoil Mongstad vart lamma etter ein tastefeil i India. Feilen skjedde då IT-arbeidaren oppgraderte Statoil sine dataservarar frå India.

Den svært alvorlege hendinga skjedde tilbake i 2014.

Dette skal berre ha vore ein av mange episodar av ulik alvorlegheitsgrad.

Mistar IT-tilgangar

No skal Statoil ha tatt affære og innført fleire strakstiltak for å betre IT-tryggleiken i selskapet. Det melde NRK like før jul. 

– Vedlikehald og endring av alle Statoil sine brannmurar mellom kontornett og anleggsystem blir no overlatt til Statoil sine eigne tilsette, seier informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen i Statoil til NRK.

Tilsette hjå den indiske underleverandøren mistar dermed viktige tilgangar til sekskapet sine dataystem på olje og gassanlegg. 

Avgjerda om å fråta inderane tilgangane kjem etter at eit utval i Statoil har gjennomgått tryggleiken knytta til den omfatta utflagginga av IT i seinare år, skriv NRK.

Det har vore eit stort omfang av tekniske feil som har påverka både plattformer, landanlegg og Statoil sentralt.

Frykta liv skulle gå tapt

Ein av dei største sviktane skjedde altså på Mongstad.

– Førebels har dette berre ført til økonomiske tap, men det kan fort føre til menneskelege tap, sa hovudtillitsvalt Jan Eirik Feste ved Mongstad i oktober, ifølge NTB.

No satsar Statoil på at tiltaka selskapet har iverksett skal betre tyggleiken.

NRK sin omtale av saka har fått Petroleumstilsynet på bana. Tilsynet undersøker konsekvensane av Statoil si outsourching. Konklusjonen her er framleis ikkje klar.

Artikkeltags