No er cheerleading kome til Masfjorden

KJEKK SPORT: Til venstre Amalie Fjellby, øvst Madelein Andvik, til høgre Thea Malene Nordland Kvinge Tvedt. Bak Lars Manfred Nordland Kvinge Tvedt.

KJEKK SPORT: Til venstre Amalie Fjellby, øvst Madelein Andvik, til høgre Thea Malene Nordland Kvinge Tvedt. Bak Lars Manfred Nordland Kvinge Tvedt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I gymsalen på Sandnes skule er det no cheerleading som gjeld! Det synest elevane er kjekt.

DEL

Cheerleading er ein sport frå USA der dei utfører dans, hopp, stunts, pyramidar osv.

I Masfjorden har det ikkje vore så mange sportstilbod, men det har vore nokre fotballag tidlegare. No er det starta opp med både amerikansk fotball og cheerleading som allereie er blitt ganske populært.

Alle på lik linje

Jon Bakken er ein av trenarane.

– Cheerleading er ein av få aktivitetar der alle kan vera med, i motsetning til andre sportar der alle kan delta på lik linje, seier han.

Han driv sjølv med amerikansk fotball og har vore trenar for Åsane Seahawks, og no trenar for Masfjorden Navigators.

Han starta med cheerleading i Masfjorden fordi det er ganske populært, spesielt blant jentene og det var ikkje så mange sportar som jentene var interessert i her.

Kjempegøy!

Når me spør barna kvifor dei begynte med cheerleading, svarer dei alle at det er fordi det er kjempegøy og spennande. Dei seier dei og har hatt litt cheerleading på skulen i gymtimane.

SAMARBEID: Ein nøkkeleigenskap for å få det til i cheerleading.

SAMARBEID: Ein nøkkeleigenskap for å få det til i cheerleading. Foto:

På øvingane dansar dei «cheerdans» og bygger pyramidar. Me kan tenke oss at det er skummelt å stå øvst, men dei seier det berre er gøy. Dei har og styrketrening annakvar torsdag, for det er viktig å vere litt sterk i denne sporten.

Aldersgruppa er 7-12 men ungdomskulen kan og få lov til å vera med.

Meir modig

– Det er veldig gøy, og eg blir meir modig og tørr meir når eg står øvst, seier Thea Malene Nordland Kvinge Tvedt.

Broren Lars Manfred går også på cheerleading, han er ein av tre gutar som er der.

– Det er gøy uansett om det er fleire jenter enn gutar, seier han.

– Det kjekkaste er å bygge pyramidar, eg pleier å stå øvst, seier Madelein Andvik.

Ho går i 2. klasse på Sandnes skule og er ein av dei yngste.

Denne saka er skriven av Julie Birkeland Haugsdal og Mariann Elise Kvingedal på utplassering frå Sandnes skule.

SPINN HJUL: Her er Amalie Fjellby som spinn hjul.

SPINN HJUL: Her er Amalie Fjellby som spinn hjul. Foto:

Artikkeltags