Kvernbit avslutta opprykksesongen med siger i lokalderbyet

Artikkelen er over 2 år gammel

Kvernbit var aldri truga av Nordre Holsnøy i sesongavslutninga.

DEL

Kvernbit rular på toppen av tabellen og på Holsnøy denne sesongen.

Kampen blir neppe hugsa lenge på den store øya, til det var kvaliteten for laber. Nordre Holsnøy stod høgt i starten, men heimelaget kom kjapt inn i kampen.

Kampen blei prega av at den ikkje hadde noko betydning, lokalfaktoren var litt vekke denne gongen. Kvernbit avslutta en sesong som gjekk over all forventning med opprykk og tabelltopp.

Hovudfokuset var ifølge trener Eirik Sagstad å legge vekt på dei heilt enkle tinga. Nordre Holsnøy hamna på 6. plass, men var lenge med i opprykkskampen denne sesongen.

Kampfakta

Kvernbit – Nordre Holsnøy 4-1 (2-0)

6. divisjon, avd. 03. 16. serierunde. Fossemyra Kunstgras 2. Dommar: Martin Røed Knudsen, Tertnes Fotball Herrer.

1-0: Daniel Flatøy (13.), 2-0: Lasse Solstrand (35.), 3-0: Flatøy (67.), 3-1: Nils Gunnar Thomle (68.), 4-1: Solstrand (73.).

Artikkeltags