Julie Bøe Snekkevik (17) kan vinne pris etter kjempesesong

Julie Bøe Snekkevik frå samarbeidslaget Eikanger/Nordhordland/Kvernbit er ein av tre spelarar som kan stikke av med prisen i 3. divisjon for damer. Arkivfoto

Julie Bøe Snekkevik frå samarbeidslaget Eikanger/Nordhordland/Kvernbit er ein av tre spelarar som kan stikke av med prisen i 3. divisjon for damer. Arkivfoto

Av og

Nominert som Årets spelar i 3. divisjon for kvinner etter sterk sesong for ENK.

DEL

Laurdag 3. september arrangerer Bergensavisen saman med Scandic City og Hordalandsfotball lokalfotballgalla for menn og kvinner i Hordaland fylke.

Ei av dei nominerte til pris er Julie Bøe Snekkevik, som spelar på ENK, samarbeidslaget til Eikanger, Nordhordland og Kvernbit. Bøe Snekkevik er nominert som Beste spelar.

Høgrekanten har vore svært solid denne sesongen og stått for mange av måla til ENK. 

– Julie har veldig god forståing for spelet, og er flink til å utfordre ein mot ein. Ho er både målscorar og tilretteleggar, seier pappa og trenar Tore Daae Snekkevik til BA.

Dei to andre nominerte spelar begge på Stord; venstreback Kristine Lygre og spissen Sanne Lekven.

Når to rundar gjenstår av årets serie ligg ENK på ein flott 4. plass.

Les meir om lokalfotballgallaen til Bergensavisen her.

Artikkeltags