Eddie er ekspert på bilavtalar. Her er årets toppremie i KnarvikMila!

Alex Valencia i Kverneland Bil og Eddie Ebbesvik i KnarvikMila poserer i bilen du kan vinne dersom du deltar i KnarvikMila og fullfører.

Alex Valencia i Kverneland Bil og Eddie Ebbesvik i KnarvikMila poserer i bilen du kan vinne dersom du deltar i KnarvikMila og fullfører.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ford Fiesta ST-line til ein verdi av 230.000 kroner er den store premien i år under KnarvikMila.

DEL

Nok eit år kan dagleg leiar av KnarvikMila, Eddie Ebbesvik, freiste ein heldig deltakar i KnarvikMila med ein bil.

– Stiller du på eit løp, er du med i trekninga av bilen, og det er heile 1307 gonger meir sannsynleg  å vinne denne bilen enn om du tippar i Lotto og håpar på fyrstepremie der, freistar dagleg leiar av KnarvikMila Eddie Ebbesvik potensielle deltakarar.

Avisa Nordhordland møter han på Kverneland Bil i Åsane, der han kan presentere årets premie saman med samarbeidspartnaren.

– Eg høyrde nokon seie at det at å vinne i Lotto var det same som å ta toget til Oslo frå Bergen, og når som helst på turen kaste ein basketball ut vindauget og treffe oppi ei bøtte, parerer tidlegare Brann-spelar Alex Valencia, noverande salskonsulent ved Kverneland Bil i Åsane.

Bruden Birgit rakk så vidt over målstreken før bryllupsklokkene ringte 

Folkehelse i fokus

Det er fjortande gongen at ei bil er fyrstepremie i KnarvikMila, og tredje året at Kverneland Bil, Åsane, er med som sponsor av løpet som sida 1981 har vorte ei del av identiteten til strilane.

Søndagen blir det trekt ut ein heldig bilvinnar blant deltakarar frå alle løpa, for utan Knøttemila,  Minimila og Ungdomsmila. Men, det er krav om at ein må ha fullført heile løpet for å vere med i trekninga.

– Det brukar å vere store forventningar knytt til når Alex kjem køyrande  inn blant publikum med bilen som i år er ein kvit Fiesta ST-line med ein verdi på 230.000 kroner, fortel Ebbesvik.

– Best å assoisere seg med idrett

Han legg til at dei i fjor hadde 16.000 besøkande, blant dei, var det 7.500 utøvarar og 500 frivillige. 

– Det er ein fin måte å vise oss i lokalmiljøet, det er ein fin ting å støtte lokalidrett og breiddeidrett i Bergen og omegn. Vi ser på det som bra bruk av pengar, seier Valencia, som på grunn av eit dårleg kne ikkje vil love at han skal springe sjølv i år, men understrekar at også Kverneland tar folkehelsa på alvor, og brukar å stille med eit eiga lag i KnarvikMila kvart år.

Valencia meiner det er fint å vere assosiert med noko som er sunt og fremjar aktivitet.

– Det er jo mange andre ting ein kan assosierast med, men idrett er jo det beste. Sjå berre på kor mykje firma betalar for å ha merka sine på draktene til spelarar i eliteserien, det er jo helt hinsides, seier den tidlegare Brann-profilen.

Mange vil delta

KnarvikMila-generalen avslører at mykje er likt programmet i fjor. 

– Bergen Fjord Tour startar den 16. juni, og der har vi merka ei stor forbetring på påmeldingstal.  Litt av grunnen til det trur eg er at vi flytta start opp til Fløyen der ein får litt meir grus. Hittil er det dobbelt så mange påmelde på Fjord Tour-en. På KnarvikMila ligg vi og foran på talet påmelde, seier Ebbesvik.

– Profilen vår er folkehelse. Det er folkemassane vi vil ha hit. Folk deltar for å perse, vinne eller berre for å vere med.  KnarvikMila er noko å trene mot. Det er god folkehelse i det. Det er ein lokal happening samtidig som vi trekk folk i frå heile Norge og frå utlandet til Knarvik, siar Eddie.

Artikkeltags