Set inn ekstraferje på sambandet Lavik - Oppedal

Artikkelen er over 1 år gammel

Fire ferjer i drift i tidsrommet klokka 12 - 20 2. påskedag.

DEL

Det er venta svært mykje trafikk på hovudvegane i dag, 2. påskedag.

Trafikken kan bli ekstra stor på grunn av det fantastiske påskevêret som har vore, som kanskje har gjort at mange har utsett heimreisa til siste feriedag.

Det tar dei høgde for på ferjesambandet på E39, Lavik -Oppedal. Der har Norled no sett inn ekstraferje, slik at der vil gå fire ferjer i tidsrommet klokka 12-20.

Det melder Norled på sine eigne nettsider.

Der opplyser dei også at det er sett inn reservefartøy på C-ruta frå og med i dag og inntil vidare. Årsaka er at ferja skal på eit årleg verkstadopphald.

«Grunna bruk av reservefartøy i C-ruta kan det forekomme begrensa kapasitet på enkelte turar grunna transport av farleg last», informerer Norled.

Har du tips til oss frå trafikken? Send kodeord «NHTIPS» til 2005, kontakt oss på vår vakttelefon 916 20 916 eller send epost til redaksjonen@nordhordland.no

Artikkeltags