Blei beste ungdomsbedrift med smart grill

Denne grillen har elevar ved TIP-linja på Knarvik vidaregåande skule laga av gamle varmtvannstankar. Foto: Privat

Denne grillen har elevar ved TIP-linja på Knarvik vidaregåande skule laga av gamle varmtvannstankar. Foto: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

BBQ UB frå Knarvik VGS stakk av med sigeren som beste ungdomsbedrift under Utdanningsmessa.

DEL

Det opplyser FeC-gründer Kathrine Molvik til Avisa Nordhordland.

Bedrifta er elevar ved TIP-linja (teknisk industriell produksjon) til Knarvik vidaregåande skule.

– Dei har laga ulike grillar ved bruk av gamle varmtvannstankar og kundetilpassa design, opplyser Molvik.

Bildet viser ein grill elevane stilte ut under Utdanningsmessa i Nordhordlandshallen tysdag og onsdag denne veka.

– Det var flott å sjå kor mykje flott arbeid ungdommane hadde lagt ned i dette. Entreprenørskap på TIP er viktig, seier Molvik.

Det var gründerbedriftene FeC og HackIt som delte ut prisen, som var 500 kroner frå Industriutvikling Vest.

Det var i alt seks ungdomsbedrifter som konkurrerte.

Artikkeltags