Nitrogen-lekkasje ved E39: – Ikkje pust inn gassen

Artikkelen er over 1 år gammel

Naudetatene rykte ut til Romarheim.

DEL

(BA): Klokka 18.35 fekk politiet melding om en lekkasje frå ein tankbil med Nitrogen ved Modalskrysset i Romarheim.

Hendinga har skjedd der kor fylkesveg 569 møter E39.

– Farepotensialet skal vere frostskadar. Gassen må ikkje pustast inn, melder politiet.

Lekkasjen skal vere avtakande.

– Vi oppfatter ikkje situasjonen som svært dramatisk, seier operasjonsleiarr Per Algrøy ved Vest politidistrikt.

Han opplyser at gassen lek ut i terrenget, og ikkje over vegen, politiet har derfor valt å la trafikken gå som normalt.

– Vi er på staden og vurderer fortløpande.

Artikkeltags