MC-førar måtte til legevakt: Køyrde på hjort i natt

Artikkelen er over 1 år gammel

Blei lettare skadd og måtte til legevakta i Knarvik.

DEL

Ein MC-førar køyrde på ein hjort på fylkesveg 569 mellom Romarheim og Modalen. Det melde Vest politidistrikt på twitter klokka 00.55 i natt.

Påkøyrsla skjedde 1,5 kilometer frå Høydalstunnelen, i retning Modalen.

– Føraren er lettare skadd og har vore på legevakta i Nordhordland. Hjorten sprang av gårde, melder politiet.

Artikkeltags