Vil etablere nærjordmorsenter i Knarvik

Gravide i Nordhordland kan få eit nærjordmorsenter i Knarvik dersom Radøy og samanslåingskommunane Lindås og Meland klarer å opprette tilbodet. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Gravide i Nordhordland kan få eit nærjordmorsenter i Knarvik dersom Radøy og samanslåingskommunane Lindås og Meland klarer å opprette tilbodet. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Radøy jobbar for å få til ei betre helseteneste - både i eigen kommune og samanslåingskommunane. Jordmorsenter står høgt på ønskelista.

DEL

Kommunestyret i Radøy vedtok både budsjett og økonomiplan i tråd med formannskapet sitt vedtak denne veka.

I tillegg vart kommunestyret torsdag kveld einige om fleire tilleggspunkt. Eit av dei er å etablere eit sokalla nærjordmorsenter i Knarvik.

Her er dei viktigaste tilleggspunkta kommunestyret til Radøy vart samde om:

  • Undersøkje om Radøy, Lindås og Meland kan etablere eit nærjordmorsenter i Knarvik i løpet av 2017.
     
  • Utgreie dagtilbodet til heimebuande eldre og menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus.
     
  • Vurdere samarbeid med Lindås og Meland om samlivsterapi/familieterapi.
     
  • Utgreie bustadbehov for eldre og personar med særskilte behov.
     
  • Utgreie avlastningstilbodet for born med særskilte behov.

Kommunestyret vil styrke aktuelle budsjettpostar om det er naudsynt.

Arbeidet skjer i samband med at Radøy kommune er i ferd med å utarbeide ein overordna kommunedelplan for helse og omsorg.

Artikkeltags