Urhaug til semifinalen i VM: – Eg må innrømme at eg var ganske sikker på at eg kom til å vinne

Tommy Urhaug er klar for semifinalen i VM.

Tommy Urhaug er klar for semifinalen i VM. Foto:

Tommy Urhaug (38) tok seg enkelt til semifinalen i VM i Slovenia.

DEL

(BA): Radværingen imponerte i fredagens kvartfinale mot belgiske Bart Brands under verdsmeisterskapen for funksjonshemma, som går i Slovenia.

Brands fekk lov å ta det første poenget i kampen av den 38-årige meisterskapsgrossisten, men Urhaug hadde full kontroll etter dette. Han vann det første settet 11-6, og då det andre settet blei vunne 11-8, var sjølvtilliten høg.

– Eg må innrømme at eg var ganske sikker på at eg kom til å vinne då, ler Urhaug.

– Taktikken min var god, og eg fekk flyt i spelet mitt. Då blei det i grunn lett, legg han til.

Og lettare blei det i det tredje settet. Urhaug hamra inn ein 11-4-siger, og vann kvartfinalen 3-0. Dermed er han klar for semifinalen. Viss han vinn den, blir det finale seinare på dagen.

– No handlar det eigentleg berrre om å fortsette med det samme. Eg har vore veldig fornøgd med spelet mitt her nede, og dette er berre ei stadfesting på det eg har følt heile sesongen. Eg er i form, slår Urhaug fast.

Artikkeltags