Gå til sidens hovedinnhold

Tommy Urhaug vann på 18 minutt i opningskampen i Rio

Artikkelen er over 4 år gammel

Suveren start av gullhåpet frå Radøy.

Tommy Urhaug vann 3-0 i sin første kamp i Paralympics i Rio torsdag ettermiddag.

Etter ein litt treg start i første settet, hadde 36-åringen frå Radøy full kontroll i andre og tredje sett.

– Det gjekk veldig bra, eg fekk spelet mitt til å flyta. Herleg å vera i gang, no er det berre å kjøra på vidare, sa Tommy Urhaug til NRK rett etter kampen.

LES OGSÅ: Urhaug trur han skal bli tøff å slå

Brukte kun 18 minutt

Han skal ut i sin neste kamp i morgon. Det er mot ein litt tøffare motstandar som han i dei seinare kampane har hatt jamne duellar med.

– No skal eg lada opp til morgondagen, seier Urhaug.

LES OGSÅ: Urhaug gjekk ut med oppfordring før skulestarten

Urhaug brukte berre 18 minutt på å vinne kampen 3-0 (11-9, 11-4, 11-4) mot egyptiske Ehab Fetir.

Ny kamp i morgon kveld

Tredje spelar i gruppa er franske Nicolas Savant Aira. Urhaug møter han fredag kveld, mens kampen mellom Aira og Fetir blir spelt natt til lørdag norsk tid.

Urhaug spelar i klasse 5 (sittende). I gruppespelet er han i gruppe E. Den norske 36-åringen har gull å forsvare frå Paralympics i London 2012.

LES OGSÅ: Her er Tommy si suksessoppskrift

Kommentarer til denne saken