Tommy Urhaug vann første VM-kamp

Tommy Urhaug fekk ein perfekt start på VM i Slovenia med siger i opningskampen. Arkivfoto

Tommy Urhaug fekk ein perfekt start på VM i Slovenia med siger i opningskampen. Arkivfoto

Tommy Urhaug (38) fekk ein perfekt start på VM i Slovenia.

DEL

Tommy Urhaug har starta på det som er hans femte og truleg siste VM i bordtennis.

Meisterskapen blir arrangert i Slovenia, og i opningskampen møtte Urhaug spelaren Tolba frå Egypt.

Opningskampen endte med ein komfortabel 3-1-siger etter først å ha lege under 1-0 og 9-7, melder Urhaug på sin eigen Facebook-profil.

– Første kamp gjennomført i VM. Ein litt treig start, men fekk i gang maskineriet etter kvart og vann til slutt kampen 3-1. Godt å ha starta. I morgon tidleg klokka 09.00 ventar Kineseren Dashun. Han vann Asiameisterskapen i fjor og blir ei hard nøtt å knekke, men vi skal gje alt og gjere eit forsøk, skriv Tommy Urhaug.

352 deltakarar frå 54 land deltar i meisterskapen.

Artikkeltags