Superheltar inntok 70-årsfeiringa til Hordabø IL!

Desse kjekkasane var i storslag under karnevalet. Foto: Arthur Kleiveland

Desse kjekkasane var i storslag under karnevalet. Foto: Arthur Kleiveland

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Karneval, minidisko og masse aktivitetar for dei yngste. Sjå alle dei artige bildene her.

DEL

Både Spiderman, prinsesse Else og kaptein Sabeltann var på plass då jubilerande Hordabø IL inviterte til karneval og minidisko laurdag.

70-årsjubilanten starta feiringa med diskotek og minikonsert fredag, og set punktum med jubileumsfest i Hordabøhallen laurdag kveld.

– Har gledd oss veldig til karnevalet, røpar Michelle Reksten (5 ½ år), som har på seg ein flott kjole og skal vera prinsesse Else for ein kveld.

Ho har fått ansiktsmaling som matchar fargen på kjolen. Skikkeleg stilig.

SJÅ OGSÅ: Sjå alle bildene frå 70-årsfesten til Hordabø IL

Vekas snakkis

Her er det festlege kostymer i alle regnbogens fargar. Mange har sett fram til denne dagen lenge. Både i barnehagen og i småskulen har dette vore vekas snakkis.

Inne i Hordabøhallen kan ungane prøva seg både i hoppeslott og rutsjebane. Og innimellom øktene er det forfriskningar i kiosken, der bollane er heilt gratis i dag.

LES OGSÅ: Jubileumshelg for Hordabø IL

– Ja, dette er gøy både for liten og stor. Supert at feiringa er lagt opp med tilbod til alle aldersgrupper, seier Gunn og Bjørn Grindheim, som har med seg barnebarn på karneval.

Vesle Ellinor er utkledd som sebra, medan Josefine er iført ein fin, grøn kjole.

Vart litt skremd

Sølvi Merethe Kvalheim Mjøs er utkledd som ridande cowboy, for enkelte litt skremande.

– Eg skulle vel gått for prinsesse-kjole. No har eg fjerna litt hår, bart og briller, for at at det ikkje skal bli for voldsomt for dei aller yngste, smiler Sølvi.

Det er aktivitetar både for liten og stor under Hordabø Idrettslag si feiring av 70 års jubileet i helga.

Starta fredag

Alt fredag braka det laus i Hordabøhallen, med diskotek for den unge garde (3.-5.klasse), og for ungdom frå 8.klasse til 18 år seinare på kvelden.

På kveldsdiskoen var det også oppvisning av cheerleding-gruppa Hordabø Lions og minikonsert med bandet «5937».

På dagtid laurdag inviterte jubilanten til karneval og minidisco, og laurdag kveld er det jubileumsfest med middag, show med Cato og Claus og dans til musikk frå Mellingen brothers.

Artikkeltags