Sissel fekk Gullskoen

Artikkelen er over 3 år gammel

Sissel Lunde Sundby vann Gullskoen i kategorien «Årets musikar».

DEL

Ho er busett på Sletta, og spelar keyboard og vokal i Steinar Engelbrektson band.

Prisen Gullskoen, Årets musikar, vert delt ut til ein musikar som gjennom sin karriere har utmerka seg. Dette kan vera for lang fartstid eller særskilde eigenskaper, som entertainer eller humørspreiar.

Han eller ho må framleis vera aktiv på scena. Om det er saksofonisten eller trommisen i bandet, spelar inga rolle, heiter det i statuttane for prisen.

Gullskoenprisane har til formål å fremme norsk dansekultur, gjennom å rette fokus og synleggjera den gode kvaliteten, positiviteten og engasjementet som rår på grasrotnivå, står det i dei generelle rammene for prisen.

Åtte kandidatar var plukka ut fra starten, deretter gjekk tre nominerte vidare til finalen, der Sissel Lunde Sundby trakk det lengste strået.

Artikkeltags