Gå til sidens hovedinnhold

Sikra seg ny viktig sponsoravtale

Artikkelen er over 5 år gammel

Tommy Urhaug (35) får viktig drahjelp mot Rio-OL.

Tommy Urhaug har inngått ny sponsoravtale med Cramo, eit firma som driv med maskinutleige. Dermed er nok ein viktig samarbeidspartnar på plass i satsinga mot Rio.

LES OGSÅ: Tommy Urhaug tok gull igjen

– Det betyr svært mykje å ha Cramo på laget, og dei bidrar med midlar som gjer at eg kan satsa på fulltid mot Rio, skriv Tommy Urhaug på facebook-profilen sin.

Urhaug, som er rangert som verdas beste i si klasse i rullestol-bordtennis, legg til at han heile tida er på jakt etter samarbeidsparnarar både no, men og om det skulle bli aktuelt å satsa vidare etter Rio.

LES OGSÅ: Urhaug til topps i Sverige

Paralympics vert arrangert i Rio de Janeiro i Brasil i september.

Kommentarer til denne saken