Radøy Brass avsluttar sesongen med arbeidarmusikk i Manger kyrkje 1. mai

Passande punktum: Radøy Brass, her frå årets NM, rundar av sesongen med konsert i Manger kyrkje 1. mai.

Passande punktum: Radøy Brass, her frå årets NM, rundar av sesongen med konsert i Manger kyrkje 1. mai. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

1. mai avsluttar Radøy Brass sesongen på ein passande måte for ein slik dag, med arbeidarmusikk i Manger Kyrkje.

DEL

Kva kan være meir passande på arbeidaranes dag 1. mai, enn stykket «Labour and Love»? Dirigent for Radøy Brass, Torstein Aagaard-Nilsen, fortel at dette er eit tonedikt om ein mann frå arbeidarklassen, ein som brassband-musikantar kunne identifisera seg med.

– Brassband oppstod midt på 1800-tallet som arbeidarane sitt svar på borgarskapets piano- og fløytespel, eller strykeinstrument for den saks skuld. «Kunst etter arbeid» for ein arbeidar skulle vera korps, og messinginstrument med sin relativt grove mekanikk passa arbeidarfingre godt, forklarer han. «Labour and Love» er frå 1913, og er kjend som det første stykket orginale verk skrevet for brassband»

Kva stykket handlar om:

Hovudpersonen i «Labour and Love» er ikkje glad i arbeidet eller arbeidsmiljøet, han føler seg mest som ein slave. Til slutt gret han ut sin frustrasjon og fortviling. Han er rasande, og går med opprørske tankar. Han deklamerer at han ikkje lenger vil arbeide under slike harde forhold.

Kona hans, «kjærleikens stemme», snakkar han til fornuft ved å be han tenkje på henne, på barna og at han må begynne å sjå tinga i eit anna lys. Ho har sine bekymringar, ho også, men vel å møte problema med et smil.

Mannen tenkjer seg om og skjøner ho har rett. Kona på si side fryder seg over mannens avgjerdsle. Han går tilbake til arbeidet, men haldninga hans har endra seg. Han smiler til utfordringane og hjartet svulmar av stoltheit over jobben han gjer!

Energisk og bestemt løyser han oppgåvene og freister å betra si stilling. Han har klart å kvitte seg med depresjon og fortviling, og han innser at målet i livet er Labour of Love (kjærleik til arbeidet).

Solo av Bjørn Breistein

Radøy Brass har bak seg ein god sesong, blant anna med ein fin 6.-plass i «comebacket» i 1. divisjon i NM. Med mange travle studentar og skulemusikantar i korpset, har Radøy for vane å slutte sesongen før den verste eksamensperioden tek til.

1. mai-konserten er årets siste, og her vil du forutan «Labour and Love» også blant anna få høyre ein euphoniumsolo med Bjørn Breistein, tidlegare profesjonell euphonist militærkorpsa i Kristiansand og Bergen. Dei siste åra har Breistein vore mest aktiv som dirigent, men er fortsatt ein super musikar, understreker Aagaard-Nilsen.

– Soloen «The Song of the Brother» av Erik Leidzén, er er bygd over ein kjent tone som vart adoptert av Frelsesarméen og brukt der. Frelsesarméen er også ein hardtarbeidande organisasjon som ved hjelp av brassband, folkets ensembletype, har dreve forkynning på gater og i konsertlokale omtrent så lenge som brassband har eksistert som besetning, fortel Aagaard-Nilsenm, som dei siste åra har dirigert Radøy Brass. Tidlegare har han hatt ansvaret for både Oster Brass og Manger Skulemusikklag.

Klassiske perler

I tillegg til Radøy Brass, er to ensemble frå Manger Folkehøgskule med på konserten, som korpset har kalla «Klassiske perler». Dei aller fleste av stykka er av god, gammal årgang.

– Vi trur dette kan bli ei fin stund for alle som er glad i klassisk brassbandmusikk, utan at stykka er så svære eller fullt så avanserte som dei moderne konkurransestykka ofte er, reklamerer Jan Gunnar Kolstad i korpsets arrangementskomité.

Artikkeltags