Mista kontroll på bilen på glatta, krasja i fjellveggen

Bilføraren skal ha smerter i hand og hovudet.

DEL

(BA): Politiet opplyser at ein bil har køyrd av vegen på Kvistevegen, ein sideveg frå Radøyvegen, omlag tre kilometer sør for Manger.

– Det er veldig glatt på staden, og førar skal ha mista kontrollen på bilen, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

På det glatte føret endte bilen opp med å skli av vegen på motsatt side og krasje med fjellveggen.

Ifølge politiet fekk dei melding om ulykka klokka 2206. Politi og ambulanse rykte ut til ulykka.

Det skal ikkje ha vore stor fart då ulykka skjedde.

– Føraren har sjølv varsla om ulykka. Han fortel om litt smerter i ei hand og i hovudet, og tar seg ein tur til legevakta for å få sjekka dette, seier Algrøy.

Skadeomfanget skal ikkje vere alvorleg. Det er passering for annan trafikk på staden.

Artikkeltags