Mann frå Radøy blei Lotto-millionær

Fire heldige menn frå Hordaland blei millionærar laurdag.

Fire heldige menn frå Hordaland blei millionærar laurdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein mann frå Radøy og tre personar frå Bergen blei Lotto-millionærar laurdag kveld.

DEL

Laurdag var det SuperLotto-trekning kor det blei heile 40 heldige vinnarar som vann ein million kroner kvar.

Fire av dei heldige kjem frå Hordaland; tre frå Bergen og ein frå Radøy, melder BA.

Spelselskapet på Hamar hadde laurdag kveld berre fått tak i to av dei heldige vinnarane.

Mannen frå Radøy lova ein liten fest.

– Dette er det berre å seie tusen takk for! Eg er veldig glad, seier radværingen.

Bergensaren, ein mann i 30-åra, heldt på å ikkje ta telefonen då Norsk Tipping ringte.

– Eg brukar ikkje å ta telefoner frå ukjende nummer, men no får eg jammen meg lagre vinnarnummeret i tilfelle du ringer igjen, seier vinnaren og ler godt.

Han fortel at han blir litt skjelven av å tenke på at han plutseleg er blitt millionær.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie eg no, anna enn at eg veit at det blir ein bra kveld!

Til opplysning er vinnarnummeret 625 60 000.

Begge to hadde kjøpt vinnarkupongen via mobiltelefon.

Artikkeltags