Manger skulemusikklag følgde opp Eikanger-Bjørsvik sitt EM-gull med ein sterk bronse i Oostende i Belgia søndag.

Manger skulemusikkalg konkurrerte i ungdomsklassen og endte på 90 poeng. Med det var dei fem poeng bak Elland Silver Youth Band frå England som gjekk heilt til topps og to fattige poeng bak «nabo» Tertnes Skoles Musikkorps.

Manger skulemusikklag blir leia av dirigent Torgeir Tunestvedt.

– Eg trur vi klarte å levere det vi skulle gjere. Det har vore intense åtte veker, inkludert påskeferie, vinterferie og alt mogleg. Det var ein rar sal, men eg trur vi klarte å gjere det vi skulle seier Tunestvedt i intervju med Norges Musikkorps Forbund på Facebook.

– Musikantane er fornøgde, men dei merkar at det er ein annleis sal enn det vi har vore i tidlegare, så eg trur ikkje alle har funne godfølelsen, medgir dirigtenten.