Manger folkehøgskule er miljøfyrtårn

SERTIFISERT: Rektor med det synlege beviset.

SERTIFISERT: Rektor med det synlege beviset.

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka kunne ein kry rektor ved Manger Folkehøgskule, Geir Rydland, ta imot det synlege beviset på at skulen er godkjend som Miljøfyrtårn.

DEL

Sertifikatet vart overrekt på ei morgonsamling med alle elevar og tilsette, og ordførar Jon Askeland stod for overrekkjinga.

Miljøfyrtårn er ei stifting, og Manger folkehøgskule har søkt om å verta miljøfyrtårn og har blitt grundig vurdert etter ei rekkje kriterium som skal oppfyllast.

Systematisk arbeid

Kriteria gjeld både ulike typiske miljøkrav, men også mellom anna arbeidsmiljø både for elevar og tilsette. Ei miljøfyrtårnbedrift dokumenterer systematisk arbeid og rutinar med miljø og arbeidmiljø i kvardagen.

Ordføraren understreka at alle menneske treng å føla seg som del av ein større samanheng, og alle treng å bli sett og inkludert.

– Då lagar me gode samfunn. Miljøfyrtårn byggjer på same filosofien, sa Askeland, som la til at det er ei stor ordførarglede å dela ut desse sertifikata.

Vår tids utfordring

Askeland peika på at miljøspørsmålet er vår tids store utfordring.

– Saka er ikkje løyst enno, men de som er elevar her ved folkehøgskulen kjem til å løysa den, og er ein del av løysinga. Derfor er det ei stor ungdomskraft i at de går ved ein Miljøfyrtårnskule. Eg håpar de er kry av å vera elevar og tilsette ved ein Miljøfyrtårnskule, sa ordføraren.

Artikkeltags