Kvinner frå Radøy og Lindås vart Lotto-millionærar: – Det var julegåva si det!

42 vinnarar vart trekt ut blant alle som hadde spelt Lotto i ei Supertrekning laurdag. To kvinner, frå Radøy og Lindås, var blant vinnarane som får over ein million kroner inn på konto.

42 vinnarar vart trekt ut blant alle som hadde spelt Lotto i ei Supertrekning laurdag. To kvinner, frå Radøy og Lindås, var blant vinnarane som får over ein million kroner inn på konto. Foto:

Kvinner frå Radøy og Lindås får over ein million kroner inn på konto.

DEL

Norsk Tipping hadde såkalla «Supertrekning» i Lotto laurdag, og det resulterte i 41 ekstra Lotto-millionærarar utanom den ordinære trekninga. Alle kan glede seg til å få over ein million kroner inn på konto.

Begge vinnarane frå Nordhordland var kvinner; ei frå Radøy og ei frå Lindås. Radøy-vinnaren står fram med namn.

– Eg trur ikkje heilt på deg, var Hege Vågenes Solheim sin første reaksjon då Norsk Tipping ringte.

Men etter litt tid gjekk det opp for henne at det ikkje var tulleringing.

– Eg er heilt i sjokk. Eg trudde dette var ein god spøk. Men det er julegåva si det!

Kupongen kjøpte ho hos Extra Manger.

Også for dei som gir gåver til vinnaren frå Lindås, blir det nok vanskeleg å overgå førjulsgåva til Norsk Tipping.

– For ei kjempefin julegåve. Det er heilt fantastisk, seier kvinna som ønsker å vere anonym.

Ho vann på ein kupong levert på mobilen.

Den tredje vinnaren frå Hordaland var ei kvinne frå Bergen.

I alt var det 42 millionpremiar, men blant vinnarane var det også eit andelslag på ti personar. For å vere med i «Supertrekninga» var det nok å ha spelt Lotto.

Fakta

Ti største Lotto-premiane i Hordaland i 2018

14,7 mill: Mann, Kvinnherad 22.09.2018

6,7 mill: Mann, Stord 02.06.2018

6,6 mill: Mann, Voss 09.06.2018 

5,9 mill: Mann, Radøy 17.03.2018 

4,8 mill: Mann, Bergen 08.09.2018 

4,7 mill: Mann, Lindås 25.08.2018 

4,7 mill: Mann, Bergen 25.08.2018 

4,5 mill: Kvinne, Voss 26.05.2018 

3,5 mill: Kvinne, Askøy 21.07.2018 

3,5 mill: Mann, Fjell 11.08.2018

Kjelde: BA

Artikkeltags