Kransnedlegging ved minnesteinen på Kvalheim 17. mai

Musikantar frå Hordabø skulemusikklag og Manger Old Star spelar, og gjev ei fin ramme rundt opninga av nasjonaldagen.

Musikantar frå Hordabø skulemusikklag og Manger Old Star spelar, og gjev ei fin ramme rundt opninga av nasjonaldagen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

På Radøy vert 17. mai opna ved bautaen på Kvalheim kl. 9 om morgonen. I år vil leiar i Nordhordland forsvarsforening, Jarleiv Haugland, halde appell og leggje ned krans på minnesteinen.

Musikantar frå Hordabø skulemusikklag og Manger Old Star spelar, og gjev ei fin ramme rundt opninga av nasjonaldagen.

Arrangementet ved minnesteinen på Kvalheim har fokus på historia frå 2. verdskrig og kampen for fridom. Innskrifta på steinen: «Dei eigde mot. Dei viste veg», gjev utfordring til komande generasjonar om å halde fast ved fred- og fridomsideala.

Barn og ungdom har ei naturleg rolle i arrangementet, då dei symboliserer overlevering av desse ideala. Derfor er det alltid barn som assisterer ved kransnedlegginga.

I år er det Sverre Fjeld og Martinus Myrtveit som hjelper til med kransen. Dei er etterkomarar av Emma og Magnus Myrtveit som var aktiv i motstandsarbeid og hadde flyktningar i skjul. Dei siste åra er det ungdomar som har leia arrangementet. I år er det tvillingane Marte og Mia Vågenes Solheim som har fått denne æra. 

Flaggvaktar ved bautaen er representantar frå Sjøforsvaret, Haakonsvern. Etter seremonien vert det servert lefse og kringle i Kulturtunet. 

Arrangørane ønskjer velkomen til ei stemningsfull opning av nasjonaldagen!

Artikkeltags