Gå til sidens hovedinnhold

Kan gle seg til langt betre mobilnett

Artikkelen er over 5 år gammel

Folk i Slettabygdene på Radøy kan gle seg over at dei snart vil få eit langt betre mobilnett.

Mobilmasta på Lindåsneset er sett på plass, og ei lita hytte som husar Telenor sitt sendeutstyr er reist. Basestasjonen vil gje folk i Slettabygdene langt betre mobilnett. Mange har hatt svært dårleg samband.

Ventar på varmen

Snart er det klart til å motta signal til mobiltelefonen. Det står att litt arbeid med framføring av straum til utstyret. Det er tele i bakken som har stoppa arbeidet. Nokre varme, gode dagar no så er arbeidet i gang att, skriv Radøy kommune på sine nettsider.

Blir betre også i Bøvågen

Pål Henrik Lukashaugen frå Telenor opplyser at arbeid med å få betre dekning i Bøvågen med ein ny basestasjon er i godt gjenge.

– Vinter og utfordringar med grøftegraving er avgjerande for opning av basestasjonen, men mest sannsynleg er den i drift i slutten av mars, seier han.

Desse stasjonane vil betra tilgang på mobildekning i heile kommunen. Ein stasjon på rådhuset som dekkar Mangerområdet betre er allerede i drift.

Raskare breiband

Nyleg var det og frist for innlevering av tilbod på bygging av breibandsdekning og kommunen vil informera på heimesida om kva leverandørar som vil byggja breiband hjå radveringane når tilboda er opna.

Kommentarer til denne saken