John Pettersen er død, 101 og eit halvt år gamal.

John Pettersen fotografert under Utvandringsfestivalen på Sletta i 2015. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

John Pettersen fotografert under Utvandringsfestivalen på Sletta i 2015. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Laurdag kveld somna John Pettersen roleg inn etter ei tid sjukdom. Det eldste mennesket i Radøy er død. John Pettersen er uløyseleg knytta til fridomskampen i Den andre verdskrigen, der han gjorde ein kolossal soldatinnsats i svært harde kampar, som starta med landgangen i Normandie D-dagen og toppa seg med Ardennar-slaget.

Det er såleis ikkje sjølvsagt at han skulle verta over 101 år gamal. John Pettersen levde 99 år i fridom og to og eit halvt år som soldat, der døden ofte venta. John Pettersen var soldat i 99th Batallion Separate, som stod i ei kommandomessig særstilling i dei allierte styrkane.

På Vestnorsk Utvandringssenter er det både ein minnestein og ei utstilling om denne unike styrken. John Pettersen vart i 2014 tildelt Den franske æreslegionen sin Riddarorden for krigsinnsatsen. Vilkåret for å få denne æresmedaljen er at ein deltok i minst fem avgjerande kamphandlingar under Den andre verdskrigen.

Mesteparten av livet budde John på garden på Sylta saman med si kjære kone Astrid og borna. I mange år var han også kjend som den blide bussjåføren.  Ja, han var heile livet ein venesæl og engasjert mann, utstyrt med ei stålhelse. Like før han fylte 101 år fornya han førarkortet, så han kunne køyra til butikken!

Då John kom heim etter krigsinnsatsen, var haldningane i lokalsamfunnet at krigen var ein ferdig med, og den skulle ikkje snakkast om. John tilpassa seg lenge dette, men heldigvis gav han oss vitnesbyrdet sitt dei seinare åra.

På vegne av radøysamfunnet og oss alle er eg særleg takksam for at John Pettersen gav oss krigsforteljinga si. Denne er no sikra for ettertida ved at Inge Alver på grunnlag av samtalar med John, har skrive ned  minna hans frå krigsinnsatsen.

John Pettersen var oppteken av at me ikkje må gløyma kor forferdeleg krig er, og at me må setja pris på freden og flagget vårt! I samtalar med meg understreka han alltid at me særleg må få dagens born og unge til å forstå kor viktig det er å unngå krig og å driva fredsarbeid.

Kanskje fekk John Pettersen den største takka frå oss alle då han og Inge Alver samla eit fullsett Samfunnshuset Skogen på 101-årsdagen hans 20. april i år. Då delte dei to for første gong John Pettersen si krigssoge for kring 300 menneske i det som vart det største arrangementet under Kulturdagane i Radøy. Ein fullsett sal song Ja, vi elsker som bursdagssong. Då tørka John Pettersen tårene, han elska landet, flagget og fridomen han stod opp og kjempa for med livet som innsats.

Radøy kommune ærar minnet over John Pettersen, og deler medkjensla med familien i sorga over bortgangen til vår store fredskjempar.

Jon Askeland

Ordførar

Radøy kommune

Artikkeltags