I natt: Køyrde i fjellveggen på Radøy

Føraren send til Haukeland i ambulanse med ryggsmerter.

DEL

Klokka 00.45 natt til tydag melde Vest politidistrikt på twitter om ei trafikkulykke på Radøy. Ein bil hadde køyrd i fjellveggen i Radøyvegen.

Naudetatane vart umiddelbart sendt til ulykkesstaden. Bilføraren vart sendt til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse med ryggsmerter.

Ifølge politiet var det glatt vegbane då ulykka skjedde. Bilberging vart rekvirert for å ta hand om bilen.

Artikkeltags