Her herjar sjørøvarane i Sæbøvågen

Det var mykje på gang under det tradisjonsrike Streif i Sæbøvågen. Sjørøvarane gjorde strandhogg og skapte stor stemning. På Slippen var det også spennande saker både ute og inne i naust.

DEL

– Kjempekjekt at så mange tok seg ut trass iskaldt ver, seier primus motor Evy Bjørvik Dame i Keipane kystlag.

Streif har alltid turar på programmet. Denne gongen kunne folk ta turen til Solheimsåsen og til Litlavatnet – over Storstølen og til Sæbøvågen. Den andre turen tok utgangspunkt på Slippen i Sæbøvågen og går rundt vågen mot Ulvatn og tilbake over Storstølen. Det vart også trekt fine premiar på startnummer.

Inne på Slippen fortalde Lindås-forfattaren Liv Margareth Alver om sitt forfattarskap med spennande historiske romanseriar. Her var også torg med sal av husflidsprodukt. Tove Helle med bilde og kort, Elna Bauge med måleri, Merethe Eikefet med saum, og hekleprodukt, Jarl Hansen med trearbeid, May Lis Kusmul med saum og strikk og antikvitetar, Maria Strand og Synnøve Eikefet med bruktmarknad og elevarbeid frå står, og så var strikkedamene frå Manger på plass.

Sjørøvartokt og fiske- og krabbedam var populært for den unge garde. Dei kunne også ta ro-knappen, og store og små kunne prøva seg med padling. Kafé i naustet, med mellom anna prima fiskesuppe og nubbesild på menyen.

Artikkeltags