Frode Myking hylla for innsatsen med Radøy sin kulturpris for 2017

Frode Myking frå Hordabø blei tildelt Radøy kommune sin kulturpris søndag kveld.

Frode Myking frå Hordabø blei tildelt Radøy kommune sin kulturpris søndag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fekk prisen søndag kveld.

DEL

Frode Myking er tildelt Radøy kommune sin kulturpris for 2017.

Det blei klart i Hordabøhallen søndag kveld, der ordførar Jon Askeland delte ut prisen til Myking under Hordabø skulemusikklag sitt show «A night at the opera».

Myking er leiar av Hordabø Idrettslag, men engasjerer seg i langt meir enn idrett.

I talen sin lista ordføraren opp alt Myking engasjerer seg i som frivillig i Hordabø-samfunnet.

«Han som får prisen får den først og fremst for virke her me er, dette er navet for kulturprisen, her er han trenar, organisator for alt frå dansegalla, familiedag, Radøyløpet, aktivitetar for små og store for ikkje å snakka om kunstgrasbana, og som fotballtrenar framhevar eg spesielt jente- og damefotballen, kamparrangør, ja for det følgjer mykje med i vervet som leiar i Hordabø Idrettslag», sa Askeland i talen.

– Naturleg og ekte engasjement

Men det er ikkje berre det frivillige arbeidet Myking legg ned, Askeland rosa.

«Årets prismottakar står trygt i Bø-sokna, men er eit menneske som er lagt positivt merke til og er verdsett i heile kommunen, for sin solide innsats og med gode verdiar i botn og i møtet med andre menneske. Dette er eit menneske det er lett å lika, og som etter mitt syn har eit naturleg og ekte engasjement i botn, som grunnlag for eit allsidig virke for å gjera Bø-sokna og dermed Radøy best mogleg for alle. Sjølv om vedkommande ikkje framhevar seg sjølv, men ser seg sjølv som ein del av flokken, og elskar å få andre til å lukkast og at samfunnet totalt sett skal blomstra, så snakkar me likevel om ein målretta person med gode organisatoriske eigenskapar. Difor er det også viktige leiarverv inkludert i prisen.»

– Ei av dei kloke stemmene

Askeland trakk også fram rolla Myking spelte hausten 2015 då det vart etablert asylmottak på Hordabøheimen. Det kom mange protestar og lokalsamfunnet vart splitta.

«Då hadde me det vondt heile gjengen, ja eg kan betru dykk at då var det også vanskeleg å vera ordførar, svært vanskeleg. Du var ein av dei som var den kloke stemma då det kokte som verst, og eg vil nytta anledningen til å rosa Bø-sokna og deg for at då mottaket kom på Radøytunet den korte tida det var der, då heldt Bø-soknet ord og la til rette for menneske som flykta frå krig og undertrykking, og dei kunne føle seg trygge.», sa Askeland i talen.

Avslutningsvis la ordføraren humoristisk til at Myking for all del ikkje må finne på å trappe ned innsatsen – tvert i mot.

«Og sidan du er så ung, så er prisen marsjordre om å gjera meir», sa Askeland.

I tillegg til prestisjen og den verbale hyllesten, var årets kulturpris eit diplom, blomsterhelsing og kunstverk av Anette Kierulf.

På Radøy kommune si Facebook-side strøymer gratulasjonane inn søndag kveld. I arbeidslivet er Myking dagleg leiar ved Bunnpris Bøvågen.

Delar heideren vidare

– Eg vart overraska, det var veldig kjekt, men eg gjer det ikkje for å få prisar men fordi eg har lyst til det, seier prisvinnaren om tildelinga.

Som ein ekte lagspelar sender sjølve prisvinnaren ein del av heideren vidare til sine medspelarar.

– Ikkje minst må eg dele prisen med resten av dei frivillige i Hordabø idrettslag. Det er litt urettferdig at eg får prisen åleine, så eg må dele den litt med dei, seier Myking.

Takkar for støtta

Sidan han var 14–15 år har han vore trenar for idrettslaget kvart år, og etter kvart som åra har gått har Myking teke på seg stadig nye oppgåver og ansvarsområde. Dei siste åra har han vore formann for idrettslaget, og har ein finger med i ei rekke ulike arrangement.

– Også her har eg mange gode medhjelparar.

Han trekker også fram den medhjelparen som truleg er mest avgjerande.

– Eg har heldigvis ei tolmodig dame heime som lar meg få lov til dette. Ho skal ha skryt ho og. Ho må nedprioritere ein del av sine ting når eg fer av garde, seier Myking.

Gøy og smilande folk

Som svar på ordføraren si marsjordre, har Myking følgande svar:

– Eg har ikkje nokon planar om å trappe ned endå, men eg merkar av og til at det er for få timar i døgnet.

– Berre av og til?

– Nesten heile tida. Men det er veldig kjekt å få halde på slik eg gjer.

– Kva får du att for innsatsen du legg ned?

– Greie folk, smilande folk og mykje gøy.

Artikkeltags