Forvilla seg i skog, var ute i elv og måtte ha politihjelp etter konsert

Det var konsert i Hordabøhallen laurdag kveld. Ein av festdeltakarane rota seg vekk i ein skog seinare på natta og måtte ha politiassistanse for å komme til rette. Her eit bilde frå ein tidlegare konsert i Hordabøhallen. Arkivfoto

Det var konsert i Hordabøhallen laurdag kveld. Ein av festdeltakarane rota seg vekk i ein skog seinare på natta og måtte ha politiassistanse for å komme til rette. Her eit bilde frå ein tidlegare konsert i Hordabøhallen. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

For ein mann i begynnelsen av 30-åra gjekk det heilt over styr etter konserten i Hordabøhallen laurdag kveld.

DEL

Laurdag kveld spelte bandet Cover Me i Hordabøhallen. For ein av festdeltakarane blei avslutninga neppe slik han hadde sett for seg tidlegare på kvelden.

Klokka 0530 på morgonkvisten fekk politiet inn ei melding om ein mann som hadde forvilla seg i ein skog i nærleiken av Bøvågen.

– Vi fekk melding via AMK-sentralen om at ein mann hadde gått seg vill i ein skog. Han hadde vore ute i ei elv, og var våt og kald. Han klarte ikkje å gjere greie for kvar han var, sier Ole Ronny Olsen til Avisa Nordhordland, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt sin operasjonsentral i Bergen.

Politiet tok meldinga på alvor og rykte ut. Mannen, som er i begynnelsen av 30-åra, blei etter kvart spora opp.

– Vi klarte å lokalisera han etter kvart. Han var såpass kald at han vart køyrd heim for å få på seg varme klede, og deretter vart han køyrt til legevakt for sjekk, seier Olsen. 

– Var han rusa?

– Han hadde vore på fest og vore på konserten, svarar operasjonsleiaren. 

– Korleis klarte de å finna han?

– Det blei gjort litt etterrettning. Vi hadde dialog med han heile vegen. Han forklarte kva han såg, og då vi kom fram til området sett vi på sirena. Han høyrde den, og då fekk vi lokalisert han. Det var godt jobba av alle partar, seier Olsen.

Kald og forkommen endte festen på legevakta. 

Artikkeltags